Sergej Ivanov

russisk diplomat og politikar

Sergej Borisovitsj Ivanov (fødd 31. januar 1953 i Leningrad) er ein russisk politikar. Han er visestatsminister i Russland.

Sergej Ivanov

Verkeleg namn Сергей Борисович Иванов
Statsborgarskap Russland
Fødd 31. januar 1953 (71 år)
St. Petersburg
Yrke politikar, diplomat
Språk engelsk, svensk, russisk
Politisk parti Sameint Russland, Sovjetunionens kommunistiske parti
Religion Den russisk-ortodokse kyrkja, ortodoks
Far Boris Ivanov
Sergej Ivanov på Commons

Ivanov vart i 1975 ferdig med utdanning som omsetjar ved filologisk fakultet på statsuniversitetet i Leningrad. Han tok deretter vidare utdanning på skulen til KGB sitt første direktorat (utanriksetterretning) i Minsk. Frå 1981 til 1998 jobba han seg gjennom gradene frå tenestemann i KGB si avdeling for utanriksetterretning til første visedirektør for den nyoppretta russiske utanriksetterretninga (SVR) si Europa-avdeling. Det russiske forsvarsdepartementet sine nettsider opplyser at Ivanov var utplassert i tre lengre periodar i Afrika og Skandinavia. Andre kjelder opplyser at han tenestegjorde i Kenya og Finland.

Vladimir Putin vart leiar av FSB (den russiske etterfylgjaren til KGB) i 1998 utnemnde han Ivanov til visedirektør i FSB med ansvar for avdelinga for analyse, prognosar og strategisk planlegging. 15. november 1999 utnemnde president Boris Jeltsin han til sekretær for det nasjonale tryggingsrådet. 28. mars 2001 utnemnde president Putin han til forsvarsminister. 14. november 2005 vart han òg ein av fleire visestatsministrar. 15. februar 2007 vart han utnemnd til første visestatsminister. President Putin sa då at Ivanov ville få for stort ansvar som første visestatsminister til å kunne skjøtta jobben som forsvarsminister, og han forlet stillinga som forsvarsminister.[1] Han vart etterfølgd som forsvarsminister av Anatolij Serdjukov.

Ivanov snakkar engelsk og svensk. Han er gift og har to døtrer.

Kjelder endre

  1. http://www.gazeta.ru/news/lastnews/2007/02/15/n_1036174.shtml