Sjur Fedje

norsk politikar

Sjur Andersson Fedje (22. mars 18526. november 1933) var ein norsk lærar og politikar frå Vik i Sogn, busett i Follebu i Østre Gausdal. Han var stortingsmann for Arbeiderdemokratene 1906-09.

Sjur Fedje
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mars 1852
Gausdal kommune
Død

6. november 1933 (81 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Fedje var son til ein gardbrukar på Hoprekstad i Vik. Sjølv tok han eksamen på ein lærarskule i Balestrand i 1870, arbeidde så som lærar i heimbygda i to år. Etter han var ferdig seminarist frå Stord i 1874 fekk han same året lærarstilling i Follebu i Østre Gausdal, frå 1875 var han i tillegg kyrkjesongar i Follebu. På 1880-talet gav han i fem år ut bladet Husmanden, fekk i 1884 eit statsstipend for undersøke husmannsstellet på Austlandet.

Frå 1885 var Fedje medlem i skulestyret ei 20 års tid. Ordførar i Østre Gausdal 1902-07. Valperioden 1906-09 representerte Fedje Arbeiderdemokratene og valkrinsen Søndre GudbrandsdalenStortinget, der han i 1906-07 var medlem av kyrkjekomiteen og 1908-09 av gasje- og pensjonskomiteen.

Fedje var ein mykje nytta stemnetalar, som særleg arbeidde for fråhaldssaka og landsmålet.

Kjelder endre