Super Mario 3D World

dataspel frå 2013

Super Mario 3D World er eit plattformspel som er utvikla av Nintendo EAD Tokyo og utgjeve av Nintendo. Spelet er det sjette originale tredimensjonale platformspelet i Super Mario-serien og er etterfølgjaren til Nintendo 3DS-spelet Super Mario 3D Land frå 2011. Det vart utgjeve til Wii U internasjonalt i løpet av november 2013. Ein utvida versjon av spelet kjem ut til Nintendo Switch den 21. februar 2021 under tittelen Super Mario 3D World + Bowser's Fury.[1]

Super Mario 3D World

Utviklar(ar)Nintendo EAD Tokyo
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Yoshiaki Koizumi
Komponist(ar)Tōru Minegishi, Mahito Yokota, Koji Kondo
SerieSuper Mario
Plattform(er)Wii U, Nintendo Switch
UtgjevingWii U
JP: 21. november 2013
NA: 22. november 2013
EU: 29. november 2013
Nintendo Switch
21. februar 2021
SjangerPlattform
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttps://supermario3dworld.nintendo.com
Del av serien Super Mario
New Super Mario Bros. U · Super Mario Maker

Spelet støttar lokal fleirspelar for opp til fire spelarar samstundes. Det har i starten fire karakterar tilgjengelege som ein kan spela som: Mario, Luigi, prinsesse Peach og Toad.[2] Karakterane har alle ulike evnar og eigenskapar, og er dei same karakterane ein kunne spela som i spelet Super Mario Bros. 2 til Nintendo Entertainment System.[3]

Kjelder endre

  1. «Super Mario 3D World pusses opp til Switch og får ny utvidelse». Gamer.no. Henta 15. oktober 2020. 
  2. «Wii U: Super Mario 3D World». nintendo.no. Henta 2. juli 2017. 
  3. «Super Mario 3D World review». Eurogamer. Henta 2. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff endre