Super Mario 3D Land

Super Mario 3D Land er eit plattformspel som er utvikla av Nintendo EAD Tokyo og utgjeve av Nintendo til Nintendo 3DS. Spelet vart utgjeve internasjonalt i løpet av november 2011 og var det første spelet i Super Mario-serien som kom ut til Nintendo 3DS. Ein etterfølgjar til spelet, Super Mario 3D World, vart utgjeve til Wii U i 2013.

Super Mario 3D Land

Utviklar(ar)Nintendo EAD Tokyo
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Yoshiaki Koizumi
Komponist(ar)Mahito Yokota
SerieMario
Plattform(er)Nintendo 3DS
UtgjevingJP: 3. november 2011
NA: 13. november 2011
EU: 18. november 2011
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
Nettstadhttp://supermario3dland.nintendo.com, https://www.nintendo.co.jp/3ds/arej/
Del av serien Super Mario
Super Mario Galaxy 2 · New Super Mario Bros. 2

Super Mario 3D Land og etterfølgjaren skil seg frå andre spel i Mario-serien av di dei kombinerer spelemekanikkar både frå tradisjonelle, todimensjonale Mario-spel og moderne, tredimensjonale Mario-spel i sandkassestil. Spelet introduserer ei rekkje nye element til serien, som nye hjelpemiddel som gir Mario nye tamar. Handlinga i 3D Land er som i tidlegare spel i Super Mario-serien, med fokus på innsatsen til Mario for å redde prinsesse Peach som er vorte kidnappa av Bowser.[1][2]

Kjelder endre

  1. «Nintendo 3DS: Super Mario 3D Land». nintendo.no. Henta 2. juli 2017. 
  2. «Super Mario 3D Land review». Eurogamer. Henta 2. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff endre