Sven Oftedal (3. juni 190523. juni 1948), fødd i Stavanger, død i Oslo, var ein norsk lege og lokal- og rikspolitikar for Arbeidarpartiet.

Sven Oftedal

Sosialminister Oftedal talar på Arbeidarungdommens dag 6. september 1946
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum
Fødd3. juni 1905
Stavanger kommune
Død23. juni 1948 (43 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lege, faglitterær forfattar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarLars Oftedal
Alle verv

Oppvekst og utdanning endre

Sven Oftedal var son til redaktør og statsråd Lars Oftedal og Alice Stephansen 1877-1938. Han voks opp hos familien i Stavanger, saman med den yngre broren Christian Oftedal.

Etter examen artium ved Stavanger Katedralskole i 1923 drog Sven til Oslo for å studere medisin. Både faren, og farfaren som også heitte Lars Oftedal, var politikarar for Venstre. Det var difor eit sterkt brot med familietradisjonen då Sven i 1927 22 år gamal blei eit aktivt medlem i Arbeidernes Ungdomsfylking. I 1928 melde han seg også inn i Det norske Arbeiderparti.

I studietida var Oftedal engasjert som sekretær i Folkehelseforeningen og redigerte også tidsskriftet til foreninga. Oftedal var i studietida pasifist og nekta å gjere militærteneste.

I 1929 gifte Oftedal seg med Laura Philippa Merete Ziesler. Året etter fullførte han legeutdanninga.

Lokalpolitikaren endre

Etter studietida og nokre år sjukehusteneste etablerte Oftedal seg i 1933 som privatpraktiserande lege i heimbyen Stavanger. Eit år seinare blei han innvald som representant for Arbeiderpartiet til Stavanger bystyre. Han sat også i skulestyret, helseråd, edruskapsnemnda og i bustadnemda.

I 1937 blei Oftedal attvald til bystyret med største stemmetal av alle innvalde representantar.

Fleire hendingar i utanrikspolitikken, både framveksten av nazi-Tyskland og Franco sitt diktatur i Spania, fekk Oftedal til å forlate det pasifistiske synet sitt. Han blei formann i Spaniakomitéen i Stavanger. Også fråhaldslaget Frisinn fekk dra nytte av Oftedal sin arbeidskapasitet.

Krigsfangenskap endre

Den andre verdskrigen kom til Noreg med den tyske okkupasjonen i 1940. Eit engasjement i motstandsrørsla førte til at Sven Oftedal i 1941 blei arrestert og send til Grini fangeleir. Han blei slept fri, men blei arrestert igjen hausten 1942. I februar 1943 blei han send til fangeleiren Sachsenhausen nord for Berlin. Han kom dit som fange nummer 61451.

Oftedal blei lege på Ambulansen i Revier, sjukehuset for fangar i leiren. Ambulansen var ei blanding av legevakt og diagnosestasjon, og Oftedal fekk mynde til å legge inn fangar på sjukehuset. Under fangenskapet gjorde han ein stor humanitær innsats for medfangane.

Leirfangane var spesielt utsett for dysenteri og lungebetennelse. Oftedal greidde å få løyve frå leirkommandanten til å skrive til Norges Røde Kors etter medisin til fangane. Regelmessige medisinsendingar frå både Noreg og Sverige redda livet til svært mange fangar.

Etter eitt års teneste på Ambulansen var Oftedal utsliten og måtte be om avløysing. Han blei då flytta til indremedisinsk avdeling i Revier. Arbeidet med å hjelpe medfangane heldt fram der. I Sachsenhausen sat han saman med personar som seinare skulle bli sentrale i norsk politisk liv etter frigjeringa i 1945, blant anna Einar Gerhardsen og Halvard Lange.

Rikspolitikaren endre

Etter at krigen var slutt i 1945 reiste Oftedal til Nord-Noreg for å hjelpe både eigne landsmenn og russiske krigsfangar.

Sven Oftedal vart sosialminister i Einar Gerhardsen si første regjering i 1945 og deretter i Einar Gerhardsen si andre regjering frå 1945 til 1948. Han blei også innvald på Stortinget for perioden 1945 til 1949 for valkrinsen for kjøpstadane i Vest-Agder og Rogaland fylke (Flekkefjord, Haugesund, Kristiansand, Mandal, Stavanger).

Han døydde 23. juni 1948 som følgje av eit hjerteinfarkt. Dette hadde truleg si årsak i ein kombinasjon av etterverknad av fangenskapet under krigen, og hardt arbeidspress som statsråd.

Ei byste av Oftedal er laga av kunstnaren Per Palle Storm i 1950 og er plassert i Stavanger sentrum. På sokkelen står innskrifta «Legen, Kameraten, Mennesket».

Kjelder endre