The Rasmus er eit finsk rockeband som vart skipa i 1994 i Helsingfors i Finland. Bandet vart skipa av Lauri Ylönen (vokal), Eero Heinonen (bass), Pauli Rantasalmi (gitar) og Jarno Lahti (trommar) då dei gjekk på vidaregåande skule.[1] Året etter forlet Lathi bandet og vart erstatta av Janne Heiskanen. Han forlet bandet i 1998 og vart erstatta av Aki Hakala. Gitaristen Rantasalmi forlet bandet og vart erstatta av Emppu Suhonen i 2022.

The Rasmus

Aktiv1994–
Sjangeralternativ rock, poprock
PlateselskapWarner Music Group, DRT Entertainment, Playground Music Scandinavia, Universal Music Group
PrisarEmma Award for Best Band of the Year

Utover i 1990-åra gav The Rasmus ut ei rekkje singlar og vaks seg raskt til å verte eit av dei mest populære banda i Finland. Debutalbumet Peep kom i 1996, og i 2003 fekk dei stor internasjonal suksess med singelen «In the Shadows». Songen toppa singellistene i Finland, New Zealand og Tyskland og nådde topp ti i ei rekkje andre land.[2] Bandet har selt over 5 millionar album verda over, derav 310 000 i Finland åleine.[1]

The Rasmus har også vunne ei rekkje prisar og utmerkingar både heime i Finland og internasjonalt. I 2022 vann det den finske uttakinga til Eurovision Song Contest med låten «Jezebel», og representerte Finland i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[3]

Bakgrunn endre

Dei fyrste åra (1994–1998) endre

Bassisten Eero Heinonen og songaren Lauri Ylönen vart kjende då dei var ni år gamle. I byrjinga av 1990-årea møtte dei gitaristen Pauli Rantasalmi på Skomakarböle gymnas. Litt seinare møtte dei også trommisen Janne Heiskanen på same skule. Seint i 1994 bestemde dei seg for å starte eit eige band på skulen. Ingen av medlemmane hadde teke noko formell musikkundervising, men dei hadde lært seg å spele på eiga hand. Bandmedlemmane byrja deretter å skrive og spele sin eigen musikk.

I desember 1994 spela bandet sitt aller fyrste show under ei juleavslutning på skulen. På denne tida kalla dei seg Sputnik, som dei seinare endra til Anttila. Til slutt tok dei namnet Rasmus, som Heiskannen kom på. Ifølgje bandmedlemmane spelar ikkje namnet «Rasmus» på noko spesielt; det er heilt enkelt berre eit namn som er lett å hugse. Likevel har Eero sagt at bandnamnet var ein kombinasjon av dei finske orda «trash» (musikk) og «mosh» (hull) i eit intervju med svenske Aftonbladet. Dei visste ikkje då at Rasmus var eit skandinavisk mannsnamn.

I 1995 møtte dei sin kommande manager og produsent Teja Kotilainen. Han så dei opptre på Oranssi Club og bad dei spele inn nokre låtar.

« Vi kjende han allereie. Saman vart vi eit sterkt team, og det er vi framleis. Vi forstod allereie då at dette var byrjinga på mykje hardt arbeid. »

Bandmedlemmane greip sjansen og skreiv under platekontrakt med merket Teja G. Records. I desember 1995 slapp dei sin fyrste EP, 1st, med låtane «Frog», «Funky Jam», «Myself» og «Rakkauslaulu».[4] Plateselskapet Warner Music Finland fatta no interesse for bandet og skreiv kontrakt med dei i 1996. Sidan følgde raskt EP-ane 2nd og 3rd, og desse selde godt i Finland. På denne tida slutta vokalist Ylönen på skulen for å kunne bruke meir tid på musikken. Dei andre bandmedlammene fortsette skulegongen.

Den 23. september 1996 slapp bandet debutalbumet Peep, som selde til gull i Finland.

Bandet ville ikkje spele coverlåtar, sidan det ifølgje dei sjølve ikkje er like utfordrande som å skrive og framføre eigne låtar Til Peep gjorde dei difor berre éin coverlåt, «Ghostbusters», skriven av Ray Parker Jr.

« Alle andre band på vår alder spela coverlåtar, men vi ville klare oss på eiga hand. Då vår fyrste singel «Funky Jam» nådde radiostasjonane, byrja det å gå framover. Liva våre endra seg mykje det året, og vi hadde vanskar med å kontrollere det. »

The Rasmus fortsette med musikken, og allereie eitt år seinare, 29. august 1997, slapp dei oppfølgjaralbumet Playboys. Denne gongen var Illka Herkman produsenten deira. Singlane på albumet var «Blue», «Kola», «Playboys» og «Ice», som vart deira andre EP med fire låtar. Også dette gjorde suksess i Finland og selde til gull. Sjangrane på albumet er ei blanding av rock, pop, funk og jazz. Bandet hadde difor fleire medverkande musikarar på albumet, som blant anna spela saksofon, trompet og cello.

I november 1998 produserte Teja Kotilainen det tredje studioalbumet til The Rasmus, Hell of a Tester. Sjølv om singelen «Liquid» vart røysta fram til årets beste låt i Finland av både fans og kritikarar, vart ikkje dette albumet nokon stor suksess. Det vart difor berre sloppe to singlar frå albumet: «Liquid» og «Swimming with the Kids». Den einaste musikkvideoen til albumet vart laga til «Liquid».

Nytt plateselskap, trommeslagar og namn (1999–2002) endre

Sjølv om Hell of a Tester hadde skuffande sal, fortsette bandet å satse på musikken. Eitt år seinare bytta Rasmus plateselskap frå Warner Music Finland til det skandinaviske plateselskapet Playground Music. Manageren Teja Kotilainen hadde bytta plateselskap ved tusenårsskiftet, og han vart då erstatta med Seppo Vesterinen, som også er manager for den finske gothrock-gruppa HIM. Plateselskapet endra også bandnamnet frå Rasmus til The Rasmus. Plateselskapet la til artikkelen the for å skille dei frå den svenske dj-en DJ Rasmus.

Trommisen Janne Heiskanen forlet samstundes gruppa for å ta ein lang ferie i India. Etter det ville han ikkje fortsette i bandet. Han vart seinare trommis i bandet Lovestone. Aki Hakala, som tidlegare hadde seld t-skjortar på Rasmus-konsertar, overtok plassen til Heiskanen i bandet kort etter utgjevinga av plata Hell of a Tester.

« Pauli spurde meg om eg ville verte med i bandet etter at vi hadde jamma saman, noko som var veldig bra ettersom eg stort sett sug i alt, utanom å spele trommer. »

I 1999 starta The Rasmus foreininga Dynasty saman med dei finske banda Kwan og Killer. Dei tre banda hadde tidlegare arbeida saman innanfor musikken, blant anna hadde trommisen Aki Hakala spela i både Kwan og Killer. Poenget med Dynasty var å understreke og forsterke vennskapen og samarbeidet mellom dei tre banda.

Det fjerde studioalbumet til The Rasmus, Into, vart sloppe 29. oktober 2001. Ettersom gruppa hadde forlate plateselskapet Warner Music, vart Into sloppe gjennom Playground Music. Albumet vart produsert i Nord Studios i Stockholm av svenskane Mikael Nord Andersson og Martin Hansen. Aki Hakala, som akkurat hadde byrja i bandet, vart raskt inkludert i gruppa. Den fyrste låten han var med på, var «Last Waltz».

Sjangermessig skil albumet Into seg noko frå tidlegare album frå The Rasmus. Sammanlikna med Hell of a Tester er Into meir rock og pop og mindre funk og jazz. Med singlar som «F-F-F-Falling», «Chill» og «Madness» vart Into ein storselgjar også utanfor Finlands grenser. «F-F-F-Falling» var den fyrste låten til The Rasmus som vart spelt på svenske radiostasjonar.

Etter Into byrja The Rasmus å spele saman med mange store artistar. Dei fekk blant anna være oppvarmingsband for HIM, Red Hot Chili Peppers og Roxette på deira skandinaviske turne framfor rundt 40 000 fans. The Rasmus slapp også samlealbumet Hell of a Collection, der dei hadde samla sine største hits frå Peep til Into.

I 2003 kom spesialalbumet Into Special Edition som inneheldt albumet Into, pluss fire bonuslåtar, musikkvideoen til «F-F-F-Falling» og eit 24-siders hefte med nye bilete.

Gjennombrotet med Dead Letters (2003–2006) endre

I mars 2003 kom det største gjennombrotet til The Rasmus då dei slapp sitt femte studioalbum Dead Letters. Albumet inneheldt hitsinglar som «In My Life», «First Day of My Life», «Guilty», «Funeral Song» og storhiten «In the Shadows», som framleis er den mest kjende og populære låten til The Rasmus. Dead Letters selde over 1 million eksemplarar verda rundt, og albumet toppa albumlistene i Tyskland, Austerrike og Sveits.[5] Litt seinare skreiv bandet ein lisensavtale med tyske MotorUrbanDefJam Group (ein del av Universal Music) for å kunne gje ut Dead Letters internasjonalt.

Same år gjorde The Rasmus sin fyrste europaturné, Dead Letters Tour, som varte til 2005. Dei spela i ei rekkje store land i Europa, blant anna Storbritannia, Frankrike, Italia, Hellas, Tyskland, Russland og Spania. I november spela dei for fyrste gang i USA, Canada og Mexico.

I 2004 skreiv Lauri Ylönen låten «Bittersweet» saman med det finske bandet Apocalyptica og Ville Valo frå HIM. Dei laga også ein video til låten som fekk hyppige visingar på musikkanalen MTV.

Den 22. november same år slapp The Rasmus sin aller fyrste live-dvd, Live Letters. Plata består i hovudsak av elleve livelåtar frå ein konsert på Gampel Open Air i Sveits 21. august 2004. Dvd-en inneheld ein del ekstramateriale, blant anna samtlege sju musikkvideoar til albumet Dead Letters.

Eitt år seinare samarbeidde Lauri endå ein gong med bandet Apocalyptica, men denne gongen var ikkje Ville Valo med. Dei skreiv låten «Life Burns!», som vart samanlikna med «Bittersweet».

Hide from the Sun (2005) endre

 
The Rasmus under ein konsert i Bochum i 2005.

Etter den store suksessen med Dead Letters fortsette bandet arbeidet med nok eit album. Det sjette albumet, Hide from the Sun, kom ut 12. september 2005. Dette albumet var sjangermessig mørkare enn Dead Letters, og popen var stort sett borte. Fleire av tekstane på låtane var dystre og mørke, og låtane hadde mykje bruk av tung gitar.

Den fyrste singelen frå albumet vart «No Fear», etterfølgd av «Sail Away» og til slutt «Shot». Låten «Immortal» (som ei stund også var planlagd å verte ein singel) vart berre ein musikkvideo, basert på klipp fra ulike konsertar med bandet. På låten «Dead Promises» fekk bandet hjelp av Apocalyptica.

Musikkvideoen til den største singelen, «No Fear», vart spela inn i Berlin i 2005 av den tyske filmprodusenten Jörn Heitmann. Han har også regissert fleire musikkvideoar for det tyske rockebandet Rammstein. Albumet selde til platina allereie før det hadde vorte sloppe offisielt.

Samstundes starta bassisten Eero Heinonen sitt eige band ved sida av The Rasmus, Hay And Stone, der han sjølv var songar og bassist. Dei to andre medlemmane er Petri Kivimäki (gitar) og Hannu Risku (trommer). Dette bandet henta inspirasjon frå grungeband som Nirvana og Pearl Jam.

Trass i Hay And Stone, brukte Eero like mykje tid på The Rasmus. I 2006 hadde The Rasmus ein heil del konsertar verda rundt med turneen Hide From the Sun Tour. I februar turnerte gruppa saman med HIM og glamrockbandet Negative i Russland, Tyskland, Austerrike og Sveits. Etter det fortsette dei sin turne åleine i land som Japan, Sør-Afrika, Colombia og Mexico. Seinare i september spela dei saman med det britiske bandet Lostprophets og det amerikanske bandet Kill Hannah i USA. Etter turneen i USA spela dei 14 konsertar til før dei vende tilbake til Finland.

I oktober 2006 vart Hide from the Sun sloppe i USA på plateselskapet DRT Entertainment. Albumet hadde ein heil del ekstramateriale, blant anna musikkvideoen til «Immortal».

Nye album (2007–2019) endre

Black Roses (2007) endre

The Rasmus fortsette sitt omfattande turneliv utover i 2007. Bandet traff Desmond Child i Den dominikanske republikken, som innleia eit samarbeid med bandet for å produsere deira sjuande studioalbum. 2007 markerte også starten på karriera til Eero Heinonen som ein musikkvideoregissør.

Black Roses vart sloppe 24. september 2008.[6] Albumet overtok straks fyrsteplassen til Metallicas Death Magnetic på den finske albumlista og selde til gull etter ei veke.[7] Albumet skulle opphavleg ha vorte utgjeve i mars 2008, men vart utsett fordi bandet ønska meir tid til å spele inn flere singlar, inkludert hovudsporet «Livin' in a World Without You». Musikkstilen til albumet er generelt noko mindre tungt enn det forrige albumet Hide from the Sun.

Best of 2001–2009 (2009–2010) endre

Den 28. november 2009 slapp The Rasmus sitt andre samlealbum, Best of 2001–2009, med ei rekkje songar som vart spela inn mellom 2001 og 2009. Dei fleste songane på albumet var allereie gjevne ut, men inneheldt blant anna den ikkje-utgjevne «October & April», med vokal av Anette Olzon. Songen vart spela inn samstundes med Black Roses, men han vart ikkje teken med på dette albumet.

Tidleg i 2010 byrja The Rasmus arbeidet med ytterlegare eit album. Albumet skulle verte sloppe på bandets eige plateselskap, etter at The Rasmus sa opp kontrakten med Playground Music seint i 2009.[8]

New World og The Rasmus (2011–2012) endre

Den 30. mars 2011 slapp Lauri Ylönen soloalbumet New World, med hovudsporet «Heavy» som kom ut februar same år. Albumet var sjølvprodusert på platemerket til The Rasmus Dynasty Recordings. New World nådde ein andreplass på den finske albumlista. I 2011 signerte The Rasmus kontrakt med Universal Music Finland. Kort tid etter byrja bandet arbeidet med sitt åttande studioalbum. Hovudsportet på albumet, «I'm a Mess» vart fyrste gong framført 25. februar 2012 under den finske finalen til Eurovision Song Contest 2012, og den var den offisielle songen for EM i friidrett 2012.[9]

Det åttande albumet fekk tittelen The Rasmus, og vart gjeve ut i ei rekkje europeiske land 18. april 2012.[10][11] Albumet vart gjeve ut igjen som The Rasmus tour edition hausten 2012, med ekstrasporet «Mysteria».[12] Albumet vann seinare to Emma-priser i klassane beste plateomslag og beste musikkvideo (for «I'm a Mess»).[13]

Dark Matters (2016–2019) endre

Etter nokre år utan stor aktivitet, melde The Ramus hausten 2016 at dei jobba med sitt niande studioalbum, Dark Matters. Dette albumet vart sloppe 6. oktober 2017.[14] Den fyrste singelen frå albumet, «Paradise», vart gjeven ut 31. mars 2017.

Den 17. august 2018 kunngjorde gruppa på sin offisielle Facebook-konto at dei ville gje ut ein ny singel, «Holy Grail», 14. september 2018. Sidan følgde fleire nye konsertar og turnear, blant anna Dead Letters Anniversary Tour i Rock City i engelske Nottingham. Under denne konserten kunngjorde bandet at dei jobba med ny musikk.

Nytt medlem og Eurovision Song Contest (2022–) endre

 
The Rasmus framfører «Jezebel» under den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2022.

I januar 2022 vedtok gitaristen Pauli Rantasalmi å forlate bandet.[15] Kort tid etter melde The Rasmus på sin Instagram-konto at Rantasalmi hadde vorten erstatta av Emilia «Emppu» Suhonen.[16]

Etter to år med pandemi, utan konsertar og turnear, ønska gruppa å forsøke noko nytt.[17] Dei meldte seg på den finske uttakinga til Eurovision Song Contest, og 12. januar 2022 vart bandet kunngjort som ein av deltakarane til tevlinga Uuden Musiikin Kilpailu. Under finalen 26. februar vann gruppa tevlinga med låten «Jezebel», skriven av Ylönen og Desmond Child. Med sigeren representere dei Finland i Eurovision Song Contest 2022 i italienske Torino, der dei enda på ein 21. plass i finalen laurdag 14. mai.[3]

Musikken til The Rasmus endre

Dei fyrste åra bestod låtane til The Rasmus av ulike musikksjangrar. Bandet brukte ofte ein del medverkande musikarar på studioalbuma sine, blant anna musikarar som spela saksofon, cello, trompet og piano. Mellom albuma Peep og Hell of a Tester var musikkstilen ei blanding av rock, pop, funk og jazz.

Under Into gjekk stilen over til pop/rock eller såkalla softrock. Dead Letters hadde innslag av tyngre rock og mindre pop. Dette fortsette også på Hide from the Sun, der sjangaren også var noko hardare rock. Musikken har med tida vorte mindre symfonisk, og dei einaste instrumenta på nyare album er fiolin og cello.

Bandmedlemmar endre

Noverende medlemmar endre

  • Lauri Ylönen – vokal (1994–)
  • Eero Heinonen – bass (1994–)
  • Aki Hakala – trommar (1999–)
  • Emilia «Emppu» Suhonen – gitar (2022–)

Tidlegare medlemmar endre

  • Jarno Lahti – trommar (1994–1995)
  • Janne Heiskanen – trommar (1994–1999)
  • Pauli Rantasalmi – gitar (1994–2022)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Abass Jeremiah (6. februar 2022). «The Rasmus Biography; Net Worth, Members And Songs». ABTC. Henta 27. februar 2022. 
  2. «finnishcharts.com - The Rasmus - In The Shadows». finnishcharts.com. Henta 27. februar 2022. 
  3. 3,0 3,1 «The Finnish flag will be flown by The Rasmus at Eurovision in Turin 🇫🇮». Eurovision.tv (på engelsk). 26. februar 2022. Henta 27. februar 2022. 
  4. «Rasmus - 1st». Discogs.com (på engelsk). Henta 27. februar 2022. 
  5. «norwegiancharts.com - The Rasmus - Dead Letters». norwegiancharts.com. Henta 27. februar 2022. 
  6. «Arkivert utgave». Arkivert frå originalen 26. mai 2020. Henta 13. april 2012. 
  7. «Nyhetsmelding 2. oktober 2008». Arkivert frå originalen 20. februar 2012. Henta 13. august 2017. 
  8. «The Rasmus». The Rasmus. Arkivert frå originalen 22. april 2012. Henta 23. april 2012. 
  9. «NEWS – The Rasmus provides the official competition song for European Athletics Championships 2012». Therasmusofficial.tumblr.com. Arkivert frå originalen 10. desember 2012. Henta 23. april 2012. 
  10. «Lauri Ylönen " Profile». Laurimusic.com. Henta 23. april 2012. 
  11. Toimittaja: Airi Saastamoinen (16. januar 2012). «The Rasmuksen odotetun uuden singlen maailman ensiesitys UMK:n finaalissa | yle.fi». Satumaa. Arkivert frå originalen 19. april 2012. Henta 23. april 2012. 
  12. «Mysteria and a new edition of The Rasmus-album». The Rasmus Hellofasite. Arkivert frå originalen 28. mars 2014. Henta 24. desember 2012. 
  13. «Juttuarkisto – Aamulehti». Aamulehti (på finsk). Arkivert frå originalen 6. oktober 2015. Henta 25. oktober 2016. 
  14. «The Rasmus - Dark Matters» (på engelsk). Henta 27. februar 2022. 
  15. «The Rasmus – Instagram». www.instagram.com. Instagram. Henta 27. februar 2022. 
  16. «The Rasmus Announce New Guitarist To Replace Pauli Rantasalmi». Rock Celebrities (på engelsk). 13. januar 2022. Henta 27. februar 2022. 
  17. «The Rasmus: “We started as a school band, the first gig we ever played was in the 8th grade when we were like 15 years old.”». escYOUnited (på engelsk). 23. februar 2022. Henta 27. februar 2022.