Trinity College i Cambridge

Trinity College er eit av dei mange kollegia som går under University of Cambridge i England. Trinity blei grunnlagt i 1546, og er den største av alle skulane i Cambridge og Oxford, med omtrent 660 bachelorstudentar, 430 masterstudentar, og over 160 «fellowstudentar».[1]

Trinity College i Cambridge


Skipa1546
MorselskapUniversity of Cambridge
HovudkontorCambridge
LandStorbritannia
Grunnleggjar(ar)Henrik VIII av England
Dagleg leiarMartin Rees, Amartya Sen, Michael Atiyah, Andrew Huxley, G. M. Trevelyan, J.J. Thomson, Richard Bentley, John Wilkins, Sally Davies, Alan Lloyd Hodgkin, Rab Butler, Montagu Butler
Nettstadhttps://www.trin.cam.ac.uk
Gardsplass i Trinity med fontene

Ein rik lærestad endre

Kollegiet er òg den desidert rikaste Oxbridge-skulen,[2] med ein berekna finansiell styrke på ca 700 millionar pund.[3] I tillegg er landområda til Trinity forsikra for omtrent 266,5 millionar pund (dette inkluderer ikkje alle anleggsmidlane).[4] Trinity reknar seg sjølv som «ein verdsleiande, akademisk institusjon med eit eineståande rulleblad på utdanning, læring og forsking».[5] På studentbasis reknar det seg som ein av dei best utrusta utdanningsinstitusjonane i verda. Som med systerskulen sin, Christ Church College i Oxford, har han tradisjonelt vorte rekna som den mest aristokratiske av alle Cambridge-skulane. Kong Edvard VII, kong Georg VI og kong Charles III gjekk alle på Trinity College.

Historie endre

 
Statue av Henrik VIII av England, grunnleggjaren av lærestaden med oversikt over Great Gate.

Lærestaden vart grunnlagt av kong Henrik VIII av England i 1546 ved å slå saman to eksisterande college: Michaelhouse (grunnlagt av Hervey de Stanton i 1324), og King’s Hall (grunnlagt av kong Edvard II i 1317 og grunnlagt på nytt av kong Edvard III i 1337).

På denne tida hadde kong Henrik utsletta og ekspropriert kyrkjeeigedomar frå abbediar og kloster. Kongen fekk gjennomført loven i parlamentet som tillet han å undertrykke og konfiskere eigedomane til alle college han måtte ønske. Universiteta i Oxford og Cambridge, som begge var religiøse institusjonar og ganske rike, hadde grunn til å frykte at dei stod nest i rekkja.

Universiteta nytta dei politiske kontaktane sine til å bønnfalle den sjette kona til kongen, Katarina Parr. Dronninga overtalte kongen til ikkje å stenge universiteta, men i staden opprette eit nytt college. Kongen ønsket likevel ikkje å bruke eigne midlar til dette, og løyste oppgåva ved å slå saman to eksisterande college (King’s Hall og Michaelhouse) og sju studentheimar (Physwick (tidlegare del av Gonville and Caius College i Cambridge), Gregory’s, Ovyng’s, Catherine’s, Garratt, Margaret’s, og Tyler’s) for å opprette Trinity. Dette, kombinert med landområde konfiskerte frå kyrkja, gjorde at Trinity vart det største og rikaste colleget i England.

Dei fleste av dei viktigaste bygningane til colleget vart oppført på 1500- og 1600-talet. Thomas Nevile, som vart master (rektor) i 1593, ombygde og omforma mykje av lærestaden. Dette arbeidet omfatta ei utviding og fullføring av Great Court, og konstruksjonen av Nevile’s Court og elva Cam. Nevile’s Court vart fullført på slutten av 1600-talet då biblioteket Wren Library, formgjeve av den store arkitekten Christopher Wren, vart bygt.

På 1900-talet var Trinity College og King’s College i fleire tiår stader der ein elitistisk og hemmeleg samskipnad kalla Cambridge Apostles (Cambridge-apostlane) vart rekruttert.

Det fulle og offisielle namnet for lærestaden er «The Master, Fellows and Scholars of the College of the Holy and Undivided Trinity in the Town and University of Cambridge».

Kjelder endre

  1. Studenttalet frå 2006 er henta frå Trinity College Annual Record, vinteren 2005. Det største kravet frå college omfattar fellow såvel som andre tilsette. Med unntak av fellows vil Trinity vere det nest største av collega i Cambridge.
  2. Bloomberg.com (1.desember 2005): Cambridge & Oxford Adopt U.S. Methods to Win Alumni Donations. Vitja 19. juni 2006. Ved samanlikning har det nest rikaste colleget i Cambridge, St John's College, ein utrekna samskipnad av legat på rundt £250 millionar, og det rikaste colleget ved Oxford, St John's College, har rundt £200 millionar
  3. Odgers Ray & Berndtson (2005): Job advertisement for new Trinity College Senior Bursar Arkivert 2006-03-14 ved Wayback Machine. (PDF) 4. Vitja 19. juni 2006. Av dette beløpet på rundt berekna £75 millionar er delar av collega samanslåtte legatmidlar som er tileigna til bestemte oppgåver.
  4. Varsitys rapport (PDF) (2006). Vitja 2. januar 2009.
  5. Universitet i Cambridge (10. mai 2006): Job advertisement for new Trinity College Junior Bursar, Cambridge University Reporter. Vitja 2. januar 2008.