Ulrik Barth

fut og stortingsrepresentant

Ulrik Frederik Jonstrup Barth (28. mai 177824. desember 1865) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Ulrik Barth
Fødd28. mai 1778
Hjelmeland kommune
Død24. desember 1865 (87 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkefut, sorenskrivar, politikar
BarnUlrikka Fredrikke Lehmann Barth
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1824–1826)
  • vararepresentant til Stortinget (1827–1829)
  • vararepresentant til Stortinget (1830–1832) Sjå dette på Wikidata

Barth var fødd i Hjelmeland, far hans var sorenskrivar. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1805. Deretter var han fullmektig hos sorenskrivaren i Hardanger, fyrst, og sidan i Lyngdal. 1808-10 var han fungerande sorenskrivar i Lyngdal. 1811 var han prøveprokurator, frå 1813 overrettsprokurator i Akershus og Kristiansand. I 1819 vart han fut i Lister. Han var så i ei årrekke, 1831-55, sorenskrivar i Moss.

I 1824 representerte Barth Lister og Mandals amtStortinget. Han var sekretær i Odelstinget, og i komiteen om jordbruk og fedrift. Også medlem av komiteen om adelsrettar.

Barth døydde på Jeløya ved Moss i 1865.

Kjelder endre