Vivendel
Vivendel | |
Vivendel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Dipsacales |
Familie: | Kaprifolfamilien Caprifoliaceae |
Slekt: | Leddvedslekta Lonicera |
Art: | Vivendel L. periclymenum |
Vitskapleg namn | |
Lonicera periclymenum |
Vivendel (Lonicera periclymenum) er ein lian i leddvedslekta i kaprifolfamilien som klengjer seg på andre tre og buskar. Han veks vilt i Europa pg blir også brukt som hageplante.
Utsjånad endre
Vivendel har klengjestengel, og tvinnar seg rundt andre tre og greiner. Stengelen kan bli mange meter lang. Vivendel har einskilde mjuke hår på blada, og store lysgule blomsterhovud i greintoppane. Blomstrane kan vere raudfarga på utsida.
Blomsteren på vivendel ser ut som ein rett trompet. Det er berre insekt med lang sugesnabel som rekkjer ned til nektaren inst i blomsterrøyret.
Etter blomstring får vivendelen raude bær.
Utbreiing endre
Vivenvdel finst i Vest-Europa, på øyar i Middelhavet, i Marokko og i Vesleasia. I Noreg veks vivendelen kring Oslofjorden og i kyst- og fjordstrok nord til Velfjord. I Sokndal veks han opp til 450 moh. Vivendelen veks òg i kyststrok i Sør-Sverige.
Kultur endre
Vivendel er fylkesblomster i Aust-Agder.
Kjelder endre
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- C.A.M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Botanisk museum Arkivert 2008-05-27 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff endre
- (no) Vivendel hos Artsdatabanken
- (en) Vivendel i Encyclopedia of Life
- (en) Vivendel i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Vivendel hos Dyntaxa
- (en) Vivendel hos ITIS
- (en) Vivendel hos NCBI
- (en) Vivendel hos The International Plant Names Index
- (en) Vivendel hos Tropicos
- (en) Kategori:Lonicera periclymenum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Lonicera periclymenum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Lonicera periclymenum – detaljert informasjon på Wikispecies