White Rabbit
Singel av Jefferson Airplane
frå albumet Surrealistic Pillow
B-side

Plastic Fantastic Lover

Språk engelsk
Utgjeve 24. juni 1967
Innspelt 3. november 1966
Studio RCA i Hollywood i California i USA
Sjanger Psykedelisk rock[1]
Lengd 2:31
Selskap RCA Victor
Komponist Grace Slick
Tekstforfattar Grace Slick
Låtskrivar(ar) Grace Slick
Produsent Rick Jarrard
Jefferson Airplane-kronologi 
«Somebody to Love»
(1967)
White Rabbit «The Ballad of You and Me and Pooneil»
(1967)


«White Rabbit» er ein psykedelisk rock/acid rock-song av Jefferson Airplane frå albumet deira Surrealistic Pillow frå 1967. Han vart gjeven ut som singel og var den andre hitsingelen deira, med ein åttandeplass i på singellista i USA.[2] Songen vart rangert på 483. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[3], 27. plass på lista til Rate Your Music over dei største singlane gjennom tidene, samt at han ligg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rockehistoria.

Historie endre

One pill makes you larger
And one pill makes you small

Grace Slick (1967)

«White Rabbit» vart skriven av Grace Slick medan ho framleis song i The Great Society. Då bandet vart oppløyst i 1966 vart Slick invitert med i Jefferson Airplane for å erstatte Signe Toly Anderson, som forlet bandet då ho fødde eit barn. Det første albumet ho spelte inn med Jefferson Airplane var Surrealistic Pillow, og Slick tok med seg to songar frå det tidlegare bandet hennar, hennar eigen «White Rabbit» og «Somebody to Love» , skriven av Darby Slick og spelt inn som «Someone to Love» av the Great Society. Begge songane vart store hittar for Jefferson Airplane og har sidan vore tilknytt bandet.

Tekst og komposisjon endre

Songen er ein av dei tidlegaste songane til Grace Slick, skriven anten seint i 1965 eller tidleg i 1966, og samanliknar hallusinasjonane ein opplever med psykedeliske dop, som LSD og psilocybinsoppar, med bilete frå fantasiverka til Lewis Carroll: Alice's Adventures in Wonderland frå 1865 og oppfølgjaren Through the Looking-Glass frå 1871. Hendingane i desse bøkene, som at ein endrar storleik etter å ha ete sopp eller drikke ein ukjend drykk, vert omtalte i songen. Fleire av karakterane frå bøkene vert òg omtalte.

For Slick og andre i 1960-åra var narkotika ein del av den sosiale eksperimenteringa. Med gåtefull tekst vart «White Rabbit» ein av dei første songane som klarte å snike naroktikareferansar gjennom radiosensuren. Sjølv Marty Balin, som etter kvart vart rivalen til Slick i Airplane, reknar songen som eit «meisterverk».

Songen er skriven som eit stigande crescendo liknande Ravel sin kjende Boléro, og har ein sterk spansk påverknad med hornarrangement av Spencer Dryden.[4] Musikken kombinert med teksten er ein sterk indikasjon på sanselege effektane ein får med hallusinogen.

Medverkande endre

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1967) Plassering
Canada RPM Top Singles[5] 1
U.S. Billboard Hot 100[6] 8
U.S. Cash Box Top 100[7] 6
Liste (1970) Plassering
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[8] 3
Liste (1987) Plassering
UK Singles Chart (OCC) 94

Årslister endre

Liste (1967) Plassering
Canada[9] 48
U.S. Billboard Hot 100[10] 81
U.S. Cash Box[11] 60

Cashbox[12] (11 veker): 59, 45, 23, 14, 12, 11, 8, 6, 7, 22, 41

Andre versjonar endre

Songen er spelt inn av mange andre artistar opp gjennom åra

Samplingar endre

Kjelder endre

  1. Myers, Marc (31. mai 2016). «How Jefferson Airplane's Grace Slick Wrote 'White Rabbit'». International Times. Henta 21. juli 2016. 
  2. http://www.billboard.com/charts/hot-100#/charts/hot-100?chartDate=1967-07-29
  3. http://cbs2chicago.com/entertainment/rolling.stone.songs.2.1721498.html
  4. Berkowitz, Kenny. Got a Revolution!: The Turbulent Flight of Jefferson Airplane. New York: Atrica Books, 2005, s. 153.
  5. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 5. august 1967. Henta 14. januar 2018. 
  6. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  7. «Cash Box Top 100 8/12/67». Tropicalglen.com. Henta 12. mai 2019. 
  8. "Nederlandse Top 40 – Jefferson Airplane search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 10. desember 2018.
  9. «RPM Top 100 Singles of 1967». Collectionscanada.gc.ca. Henta 12. mai 2019. 
  10. «Top 100 Hits of 1967/Top 100 Songs of 1967». Musicoutfitters.com. Henta 12. mai 2019. 
  11. «Cash Box YE Pop Singles - 1967». Tropicalglen.com. Henta 12. mai 2019. 
  12. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950–1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 303. 
  13. David Diebold & Kim Cataluna - White Rabbit
  14. Collide - Chasing The Ghost
  15. Blue Man Group - The Complex
  16. Fuzzion - Black Magic
  17. Lana Lane - Gemini
  18. «Nice & Smooth - Jewel Of The Nile». Discogs.com. 

Bakgrunnsstoff endre