Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Norske politiske parti

Det her må gjerast endre

Heilt nedst på sida er det ei provisorisk liste over parti. Partinamn i raudt har ikkje artikkel. Partinamn i blått har artikkel, men den kan vere kort eller ufullstendig.

Sjå på Mal:Politisk_parti for ein artikkelmal. Om du ikkje ynskjer å skrive ein heil artikkel etter malen slik den framstår i dag kan du komme med forslag til endring av malen her, eller berre skrive delar av artikkelen.

Tekst endre

Under følgjer eit Forslag til innhald i kvar artikkel. Kom gjerne med forslag til artikkelstruktur og kva anna informasjon som trengs om kvart parti.

Kort skildring endre
    • Døme: "Kapitalkommunistpartiet er eit kapitalkommunistisk parti som plasserar seg i sentrum av den tradisjonelle høgre/venstre-aksa i norsk politikk. Partiet..."
Struktur endre
    • Er partiorganisasjonen bygd opp av mindre celler, korleis ser maktpyramiden ut? Er Landsmøtet øvste utøvande makt?
Tilknytningar endre
    • Kva for interesseorganisasjonar vert rekna som sterkt knytt til partiet? Er dei offisielt tilknytte, eller har fleirtalet av medlemmene medlemskap i begge organisasjonane?
    • Kva for utanlandske parti kan reknast av utanforståande som systerparti. Kven reknar partiet sjølv som systerparti?
Historie endre
    • Kven oppretta partiet kor tid? Kvifor vart det oppretta? Skildring av dei store linene i historie til partiet. (Det her kan ikkje vere ei skildring av generell politisk historie)
Politikk endre
    • Kva står partiet for i dag? Korleis har politikken endra seg sidan det vart oppretta (kva for retning har partiet teke?) Definer ideologisk grunnlag. (Kanskje definere kva folkegruppe som er overrepresentert i partiet og korleis det viser seg i realpolitikk)
Statistikk endre
    • Leiarar i partiet frå tuftingsåret, parlamentariske leiarar frå første år på tinget, statsministrar frå partiet, regjeringar partiet har delteke i, valoppslutning ved kommune-, fylkes- og Stortingsval.

Det her er gjort endre

Eg sende ein straumpost til dei største politiske partia i Noreg om å få assistanse til prosjektet. Eposten kan de lese her --kurtber 9. mar 2005 kl. 1549 (UTC)

Lenkjer endre
    • Offisiell Nettstad.
    • Partiavisa
    • Ungdomspartiet

Bilete endre

Kvart parti bør representerast med ein eigen oppdatert logo. Vi bør skaffe oss presselogoar frå kvart parti (og ikkje nytte nettstad-logoen, slik eg gjorde på Senterpartiet. Akkurat det biletet fungerar, men det vil det truleg ikkje gjere i alle andre situasjonar. Eg går ut i frå at det ikkje er nokon opphavsrettslege problem knytt til partia sine logoar. Det er trass alt tale om promotering av partiet. Kurtber

Infoboksar endre

Eg ser for meg infoboksar liknande dei ein finn på Wikiprosjekt_Norske_fylke_og_kommunar, med partilogo og bilete av partileiaren. Eg har laga eit forslag til mal som de kan finne på mal:Infoboks parti. Kurtber

Eg har lite erfaring med bruk av Wikipedia, men eg prøvar å lage brukbare infoboksar. Ein lærer best gjennom bruk :) - Tek gjerne imot tips! Kurtber

Omdirigering endre

Alle partia vert lagt under partinamn. Under forkortinga må det stå ei kort skildring med lenkje til hovudartikkelen (ikkje vidareføring, då det kan vere forkortingar til andre organisasjonar e.l.)

Kategorisering endre

  • Kvart parti vert plasserte i kategorien kategori:Norske_politiske_parti.
  • Etter det vert dei plasserte under ideologi-kategoriar. T.d. kan Venstre plasserast i kategori:sosialliberalisme (Desse kategoriane burde kanskje samlast under kategorien kategori:ismar?)
  • Partia vert òg kategoriserte etter høgre/venstre-aksa med kategoriane kategori:høgresida, kategori:Venstresida og Kategori:Sentrumsparti.
Kategoriar som er i bruk endre

Dette er kategoriar som er i bruk no. Du må gjerne føre opp nye kategoriar.

  • Kategori:Borgarleg
  • Kategori:Høgresida
  • Kategori:Sentrum
  • Kategori:Venstresida
  • Kategori:Radikal
  • Kategori:Fascisme
  • Kategori:Borgarleg
  • Kategori:Nasjonalsosialisme
  • Kategori:Sosialisme
  • Kategori:Konservativisme
  • Kategori:Nazisme

Vi treng ein debatt angåande politiske kategoriar... kurtber

Kjelder endre

Liste over parti endre

Under følgjer ei liste over politiske parti i Noreg. Kjenner du til fleire må du gjerne legge til. Dei partia som står i raudt har vi ikkje nokon artiklar på endå - om de kjenner til desse partia må de gjerne skrive om partia. Sjå i Mal:politisk_parti for korleis du kan setje opp artikkelen. Har du ikkje lyst til å skrive heile går det fint å berre fylle ut nokre av punkta.

Diskusjon henta frå Samfunnshuset endre

Ang. Politiske parti Kan det vere ein idè å sende ein tipsmail til eit utval av politiske parti med informasjon om nn.wikipedia, partiprosjektet og ei oppfordring til å bidra med so nøytral informasjon som mogeleg, eller vil det vere å utsetje oss for unødig propaganda-verksemd? --kurtber 8. mar 2005 kl. 1744 (UTC)

Eg tykkjer dette er ein god idé, særleg dersom du gjer det. Eg trur me skal klara å luka ut att propaganda/POV/reklame i stor nok grad. Dersom du gjer dette tykkjer eg du bør oppfordra dei om å identifisera seg, dvs. registrera seg og leggja inn namn og politisk tilknyting. --Guttorm 8. mar 2005 kl. 2127 (UTC)
Eg har sendt ein straumpost til dei største partia no. Om de ynskjer å lese den har eg lagt den ut på Brukar:Kurtber/Brev_politisk

Nye infoboksar og diskusjon om partilogoar endre

Lignende prosjekt på bokmål-wikipedia endre

Hei! Vil bare tipse om at det er startet et lignende prosjekt på bokmål-wikipedia, men uten den geografiske avgrensingen: no:Wikipedia:Underprosjekter/Politiske partier. Det hadde vært fint med et lignende prosjekt på nynorsk, svensk og dansk wikipedia, så en kunne jobbe litt sammen om å utvide wikipedia på dette området (det går jo nokså kjapt å oversette mellom de ulike skandinaviske språk, som vel nærmest er ulike varianter av samme språk). --Oddeivind 21:07, 29 desember 2007 (CET)

Tilbake til prosjektsiden «Wikiprosjekt Norske politiske parti».