Witney er ein by i Oxfordshire i England. Han er administrasjonsby i distriktet West Oxfordshire, og ligg omkring 20 km vest for Oxford, rett ved hovudvegen A40 og elva Windrush.

Witney

Hovudgata i Witney
Hovudgata i Witney
Hovudgata i Witney
Plassering
Witney is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Oxfordshire
Distrikt West Oxfordshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

22 765
Koordinatar 51°47′N 1°29′W / 51.783°N 1.483°W / 51.783; -1.483
Diverse annan informasjon
Postnummer OX28
Telefon-retningsnummer 0 1993
Commons har multimedium som gjeld: Witney

Byen har vore kjent for produksjon av pledd sidan mellomalderen, men den siste fabrikken, Early's, er no nedlagt.

I seinare år har byen vokse kraftig, men den ser framleis i stor grad ut som ein typisk, gammal marknadsby i Cotswolds. Marknaden vart oppretta i mellomalderen, og det mest kjente landemerket er marknadskrossen Buttercross («Smørkrossen»), som har dette namnet fordi folk samla seg der for å handle smør og egg. Bygningen ved marknaden er frå mellomalderen, med ei klokke som vart installert i 1683.

Rådhuset er frå 1600-talet, og ein lokal segn seier at det vart teikna av Christopher Wren. Det finst ikkje bevis for at så er tilfelle. Soknekyrkja, vigd til Jomfru Maria, er frå 1200-talet. Gata West End reknast som ei av de best bevarte gatene i England.

Kjelder endre