Ágnes Keleti
Ágnes Keleti, fødd Klein, (fødd 9. januar 1921) er ein ungarsk turnar frå Budapest som vann fem olympisk gullmedaljar i tida 1952-56 og eitt VM-gull i 1954.
Ágnes Keleti | |
Statsborgarskap | Ungarn, Israel |
Fødd | 9. januar 1921 (103 år) Budapest |
Idrett | turn, gymnastikk |
Tok del i | gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's uneven bars, Verdensmesterskapet i turn 1954, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's team portable apparatus, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's team all-around, gymnastics at the 1952 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1952 Summer Olympics – women's artistic team all-around, gymnastics at the 1952 Summer Olympics – women's uneven bars, gymnastics at the 1952 Summer Olympics – women's team portable apparatus, gymnastics at the 1952 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1952 Summer Olympics – women's vault, gymnastics at the 1952 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – women's vault, Sommar-OL 1952 |
Utmerkingar | Israel-prisen, Ungarns fortjenstorden, Athlete of the Nation, Prima Primissima díj |
Keleti vann frittståande under Sommar-OL 1952 i Helsinki, leikar der ho også fekk ein sølvmedalje og to bronsemedaljar med heim. To år seinare tok ho gull, sølv og bronse ved Turn-VM i Roma, gullmedaljen kom i skranke. Under dei olympiske sommarleikane i Melbourne i desember 1956 vann ho gullmedalje i fire tevlingar, mellom dei frittståande, skranke og bom. Ho vart nummer 2 i mangekampen bakom sovjetiske Larisa Latynina, ho fekk også sølv i lagtevlinga med det ungarske mannskapet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ágnes Keleti» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2024.
- «Ágnes Keleti» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 18. april 2024.