Ungarn

Land i Aust-Europa
Magyar Köztársaság

(norsk: Ungarn, ungarsk)

Det ungarske flagget Det ungarske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Isten áldd meg a magyart»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Ungarn
Offisielle språk ungarsk
Hovudstad Budapest
Styresett
Republikk
Tamás Sulyok
Viktor Orbán
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
93 028 km² (109.)
0,74 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
9 850 845 (89.)
105,9 /km² (74.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Austerrike-Ungarn
31. oktober 1918
Nasjonaldag 20. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
257 000 mill. USD (58.)
26 600 USD (50.)
Valuta Forint
Tidssone UTC +1
Telefonkode +36
Toppnivådomene .hu


Ungarn er ein republikk i Sentral-Europa. Ungarn er eit sletteland omgjeve i ein halvsirkel av fjellrekkja Karpatane. Landet grensar opp mot Austerrike, Slovakia, Ukraina, Romania, Kroatia, Serbia og Slovenia. Det ungarske namnet på landet er «Magyarország» som tyder 'Magyarlandet'. Landet har vore medlem av EU sidan 1. mai 2004.

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå ungarsk geografi.
 
Kart over Ungarn.

Topografi endre

Store delar av Ungarn har slettelandskap og dei viktigaste av desse er Den vesle ungarske sletta i nordvest og Den store ungarske sletta i aust. I førhistorisk tid låg det ungarske slettelandskapet under vatn. Då vatnet trekte seg attende var det etterlate store avleiringar. Saman med lausjord som seinare har blåse til, utgjer dette jordsmonet eit svært fruktbart område for jordbruksproduksjon.

To tredelar av Ungarn er oppdyrka mark. Fyrst og fremst vert kveite og mais dyrka, men landet har òg stor produksjon av frukt, sukkerroar, grønsaker og hamp. Ungarn har òg ein omfattande vinproduksjon, mellom anna i dei ungarske vinområda Tokaj og Eger.

Vinproduksjon skjer stort sett i dei meir kuperte områda av landet i vest og i nord. Alpokalja, som tyder foten av Alpane, ligg mot grensa til Austerrike i vest. Aust for dette området finn ein Dei transdonauske mellomfjella. Dei høgaste fjella ligg i nord og er ein del av Karpatane, og her finn ein det høgaste punktet i Ungarn, Kékes på 1 014 moh. I nord ligg òg Dei nordungarske mellomfjella.

Ungarn er delt i to av to store elvar, Donau (Duna på ungarsk) og Tisza, som renn i aust. Drava er ei anna stor elv i sør, som dannar grensa mot Kroatia. Balatonsjøen er den største innsjøen i landet og i Sentral-Europa.

Budapest er den største byen i landet, med over to millionar innbyggjarar. Den gamle bydelen Buda ligg på den vestre breidda av Donau, og den meir moderne bydelen Pest på den austre breidda. Byen vart teken av osmanane i tida frå 1541 til 1686. Han vart påført store skadar under andre verdskrigen og ved opprøret i 1956. Debrecen er den neststørste byen i Ungarn med sine tohundretusen innbyggjarar.

Klima endre

 
Nær Villány i sørlege område

Dei store slettene i Ungarn utgjer store delar av klimaet i Ungarn, som ikkje er ulikt det ein kan finne på prærien i USA. Alpane i vest hindrar fuktig luft frå Atlanterhavet å strøyma inn over Ungarn. Dimed har Ungarn større temperaturskilnader mellom sumar og vinter enn ein har lenger vest i Europa.

Sumaren har ofte mykje sol med ettermiddagsskurer og av og til torevêr. Tidleg på sumaren har ein torevêr ein av tre dagar. Donaudalen er ofte litt fuktigare, men ikkje meir enn at det ikkje vert uhugleg. Somme dagar kan det verta svært varmt, særleg i sør og i aust. Slettene turkar fort opp tidleg på hausten, før ein igjen får ein våtare periode og kjøligare vêr frå oktober til desember. Ein kan få lett snø innimellom om vintrane, men snødekket ligg sjeldan særleg lenge, og eit snøfall smeltar jamnast før det neste kjem. I snitt ligg snøen på bakken 30-40 dagar på eit år, men i år med kaldare vintrar kan talet på snødagar aukast, særleg når den kalde austanvinden frå Ukraina slår til. Bakonyområdet og andre høgare punkt har derimot lågare temperaturar og større mengder snø når fuktig luft strøymer nordover frå Adriahavet. Frå april av byrjar dei lågareliggjande områda å varmast opp igjen. Budapest har ein årleg nedbørsnormal på 614 mm.

Historie endre

Området som no heiter Ungarn vart i romartida kalla Pannonia. Etter at Romarriket fall vart Pannonia, lik mange andre romerske provinsar, overfløymd av andre folkegrupper. Dei fyrste av desse var hunarane, som ved hjelp av Attila skapte det mektige hunarske imperiet. Namnet «Ungarn» er påverka av namnet til det hunske folket, men kjem truleg frå namnet på den tyrkiske Onogur-stamma. Etter at hunarimperiet gjekk i oppløysing rådde tyske stammer over ulike delar av Ungarn i eit hundreår, før dei vart avløyste av avarane. Under avarane si tohundre år lange hersketid byrja innstrøyminga av slaviske stammer til Ungarn. Moraviarar, bulgarar, kroatarar, serbarar og polakkar prøvde alle å styrta avararane, men dei heldt makta heilt til Karl den store dukka opp. Etter Karl den store sin død byrja ei slavisk maktoppbygging i området, og Swatopluk, herskaren av Stor-Mähren gjorde ein freistnad på å gjera området til ein varig del av det mähriske kongedømet, men då magyarane kom enda desse planane.

Árpád sitt land endre

På folkemunne vert det sagt at magyarane sitt land (Ungarn / Magyarország på ungarsk) vart grunnlagd av Árpád, som ved slutten av 800-talet leidde magyarane inn på Den pannoniske sletta. Kongedømet Ungarn vart grunnlagt rundt år 1000 av Kong St. István den fyrste. Mellom år 1241 og 1242 vart landet delvist øydelagt av herjande mongolar (tatarar), leia av Batu Khan (sjå den mongolske invasjonen av Ungarn)

Under leiing av Árpád-dynastiet vart Ungarn litt etter litt omgjort til eit stort, sjølvstendig kongedøme som skapte ein spesiell sentraleuropeisk kultur med band til dei største vesteuropeiske sivilisasjonane. Mátyás Corvinus herska over Ungarn frå 1458 til 1490. Ungarn vart under renessansen og Corvinus sitt styre til det kunstnariske og kulturelle senteret i Europa. Den ungarske kulturen påverka andre kulturar, til dømes det polsk-litauiske samarbeidet. Saman med Polen og tsjekkiske landområde forma Ungarn «Visegrád-alliansen». I dag finst framleis ein allianse ved det same namnet, med medlemslanda Tsjekkia, Slovakia og Polen.

Austerrike-Ungarn endre

Ungarsk sjølvstende enda med osmanane sitt inntog på byrjinga av 1500-talet. Dei delane av Ungarn som ikkje vart tekne av osmanarane, vart annekterte av Austerrike (som hadde ungarske kongar på den tida) i vest, og vart sjølvstendige delar av Det transylvanske samveldet i aust. På slutten av 1600-talet, etter 150 år, tok Austerrike og landet sine kristne allierte attende det ungarske området frå osmanane.

Etter det siste tyrkiske nederlaget byrja kampen mellom Ungarn og kongane av Habsburg, om landet skulle vera ein sjølvstendig nasjon eller ein del av Habsburgsamveldet. Kampen mot den austerrikske totalismen enda i ein fridomskrig mellom 1704 og 1711 leia av den transylvanske Ferenc II Rákóczi. Rákóczi innsåg at nederlaget nærma seg, så han flydde til Polen, og arbeidde seinare ved det franske hoffet, før han til sist reiste til Det osmanske riket der han døydde ein naturleg død.

Revolusjonen og krigen frå 1848 til 1849 førte til at slaveriet vart bannlyst, og ungararane fekk borgarrettar. Krigen såg lenge ut til å gå i Ungarn sin favør, men då dei ungarske arméane nærma seg Wien, gjekk Russland, som var ein alliert av Austerrike, inn i austlege delar av landet, og ungararane tapte. Austerrikarane feira denne sigeren ved å skåla i store mengder øl, og på grunn av dette var det i 150 år, frå 1849 til 1999 «forbode» for ungararar å skåle med øl. Trass i at det sjølvpålagde forbodet enda i 1999 vert det framleis sett på som dårleg folkeskikk å skåle med øl i Ungarn.

Takk vere at den fransk-allierte koalisjonen sigra over Austerrike ved Solferino i 1859 og seinare over Preussen i 1866, vart Ungarn i 1867 ein sjølvstendig del av Austerrike-Ungarn fram til imperiet kollapsa etter den fyrste verdskrigen. Ungarn skilde seg frå Austerrike den 31. oktober 1918.

Kommunisme og den andre verdskrigen endre

Kommunistane tok over makta i landet i mars 1919, og allereie i april kynte Béla Kun at Ungarn no var den ungarske sovjetrepublikken. Denne regjeringa varte ikkje lenge, ettersom den rumenske hæren invaderte landet, og den 6. august 1919 sette ein stoppar for sovjetrepublikken Ungarn. Høgreorienterte militærstyrkar, leia av den tidlegare austerriksk-ungarske admiralen Miklós Horthy gjekk inn i Budapest like etter at dei rumenske styrkane drog bort frå byen, og tok då over makta. I 1920 vart admiral Horthy vald til regent, og på dette viset var Ungarn framleis eit kongedøme, trass i det faktum at det ikkje fanst fleire ungarske kongar. I juni vart Trianontraktaten underskriven, og dei ungarske grensene vart fastsette. Det ungarske området var no berre ein tredel av det det hadde vore under Stor-Ungarn (Nagy Magyarország) berre nokre år tidlegare. Miklós Horthy leia landet autokratisk i mellomkrigstida. Den ungarske politikken og kulturen i den perioden var sterkt prega av at både folket og regjeringa ville gjenopprette Stor-Ungarn si ære og landområde, same kva det måtte kosta.

Horthy allierte seg med Nazi-Tyskland på 1930-talet, i von om å kunna få attende dei territoria Ungarn hadde tapt i den fyrste verdskrigen. Tyskland gav difor Ungarn område som tidlegare hadde vore ungarske, delar av Tsjekkoslovakia, Jugoslavia og Romania, og som takk for dette tok Ungarn aktivt del i den andre verdskrigen på tysk side. Meir enn 400 000 ungarske jødar og titusenar av sigøynarar miste livet, men Horthy greidde stogga planane om å deportera alle jødane i Budapest (om lag 200 000 personar) lenge nok til at dei fleste vart redda. Dette var ein av grunnane til at Hitler såg på Horthy som ein forrædar som berre fylgde nazistane for sitt eige land si vinning, og ikkje på ideologisk grunnlag. Etter at dei allierte invaderte Italia var det mange diskusjonar om ikkje Ungarn skulle skifte side, så i oktober 1944 bytte Hitler Horthy ut med den ungarske nazikollaboratøren Ferenc Szálasi og Pilkrosspartiet hans for å sikra framleis ungarsk stønad i krigen, og «nazismen sine fiendar» i Ungarn fekk hard medfart.

Etterkrigstid endre

Etter Nazi-Tyskland sitt fall, vart Ungarn ein sovjetisk lydstat og vart omgjort til ein kommuniststat etter ein kortare demokratisk periode i 1946-1947. Etter 1948 innførte kommunistleiaren Mátyás Rákosi ei stalinistisk leiing, og det no krigsherja Ungarn var nær total kollaps. Dette førte til 1956-opprøret, som kynte at Warszawa-traktaten var oppløyst frå ungarsk side. Revolusjonen enda med militær intervensjon frå russisk side, men berre etter ei avtale med USA om «nøytralitet» mot at amerikanarane fekk høve til å gjera det same under Suez-krisa. Denne avtala fekk austeuropearar til å tvila på Truman-doktrinen som hadde lova å stogga all spreiing av kommunisme i verda. På dette viset stogga Sovjet den ungarske revolusjonen med militære midlar, og tusenar vart deporterte. I tillegg vart den reformvenlege kommunistiske statsministeren Imre Nagy avretta. Frå sekstitalet til seint på åttitalet gjekk Ungarn under namnet «den gladaste kommunistblokka», under leiing av den kontroversielle kommunistleiaren János Kádár, som innførte eit autokratisk styresett. Seint på åttitalet leia Ungarn arbeidet med å få oppløyst Warszawa-traktaten, og gjekk mot å verta eit fleirpartisk demokrati med ein marknadsorientert økonomi. Etter at Sovjetunionen fall i 1991 fekk Ungarn betre band til Vest-Europa, vart medlem av NATO i 1999 og ein del av Den europeiske unionen den fyrste mai 2004.

Kultur endre

Ungarn har sidan tidleg i mellomalderen vorte kalla den vestlege sivilisasjonen sin austlege utpost i Europa. I samband med aukande autonomi innan det austerrikske keisardømet blømde ein moderne høgkultur opp, og i dag står kaféar i Budapest og kulturinstitusjonar ikkje til atters for det ein kan finne i Wien.

Mellom elvane Donau og Tisza er det ein stor rikdom i folkedrakter, folkesongar og folkedansar. Spora av balkanisme kan ein sjå i blandinga av serbisk, svabisk, slovakisk, rumensk og romsk folkekultur i møte med den ungarske kulturen.

Den ungarske kulturpåverknaden er òg merkbart tilstades i granneprovinsane i grannelanda, som Vojvodina, Transsylvania, sørlege delar av Slovakia og Austerrike, der ein på mange stader òg finn store ungarske minoritetsgrupper.

Ungarn dyrkar mykje paprika, som vert spegla i matvegen med retter som til dømes gulasj.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ungarn