Álava
Álava (baskisk Araba og offisielt Álava-Araba) er ein provins nord i Spania i den sørlege delen av den autonome regionen Baskarland. Provinsen har kring 300 000 innbyggjarar og eit areal på 2 963 km².
Han grensar til provinsane Burgos, La Rioja, Navarra, Guipúzcoa og Bizkaia. Condado de Treviño er ein enklave i provinsen Burgos (Castilla y León) omgjeve av alavesisk land.
Dei flreste innbyggjarane bur i og rundt hovudbyen Álava Vitoria-Gasteiz (Vitoria på spansk, Gasteiz på baskisk), som òg er regionshovudstad i den autonome regionen. Resten av provinsen er hovudsakleg landsbygd. Provinsen er delt inn i sju fylke (cuadrillas).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Álava» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2009.