La Rioja

autonom region og provins i Spania

La Rioja er ein av sytten autonome regionar og ein provins i Spania. Regionshovudstaden er Logroño. Andre byar i provinsen er Calahorra, Arnedo, Alfaro, Haro, Santo Domingo de la Calzada og Nájera.

La Rioja
region
Flagg
Symbol
Land  Spania
Del av Nord-Spania
Hovudstad Logroño
Areal 5 045 km²
Type Autonom region
Folketal 319 796 (2021)[1]
Postnummer M
Kart
La Rioja
42°15′N 2°30′W / 42.25°N 2.5°W / 42.25; -2.5
Kart over kommunane i La Rioja
Kart over kommunane i La Rioja
Kart over kommunane i La Rioja
Wikimedia Commons: La Rioja (Spain)

Historie

endre

I romartida var området som i dag utgjer La Rioja busett av folka beronar (sentralt), autrigonar (i nord og i vest) og vaskonar (i sør og aust). Området var då ein del av provinsen Hispania Tarraconensis.

I mellomalderen var La Rioja eit mykje omstridd område. Vestgotarane oppretta hertugdømet Cantabria som truleg inkluderte det meste av La Rioja, som eit grensemark mot vaskonane. Etter den muslimske invasjonen i 711 vart La Rioja ein del av det muslimske området Al Andalus.

Tidleg på 900-talet erobra Sancho I av Pamplona det meste av området, bortsett frå den lågare regionen rundt Arnedo, som kom under kontrollen til hans allierte, Banu Qasi av Tudela. La Rioja danna ei kort stund det sjølvstendige kongedømet Viguera frå 970 til om lag 1005, då det vart ein del av Kongedømet Pamplona. Nájera, i Rioja, var ofte hovudstad i kongedømet.

Etter sjølvstendet til Castilla i 1035, kjempa det nye kongedømet hardt mot Pamplona over områda Bureba, La Rioja og andre. I 1076, etter mordet på Sancho VI, vart Navarra delt mellom Castilla og Aragon. Castilla fekk La Rioja og mange andre land som hadde høyrt til Navarra.

Sidan 1134 kjempa García Ramírez gjenopprettaren og sonen hans Sancho VI den kloke bittert mot Castilla for å få tilbake dei tidlegare pamplonske områda. Først i 1179 vart det signert ein fredsavtale der La Rioja endeleg vart avstått til Castilla.

Området vart delt mellom provinsane Burgos og Soria fram til den administrative endringa av Riego i 1822 som skapte provinsen Logroño.

I 1980 vart namnet på provinsen endra til La Rioja og i 1982 vart han ein autonom region med same namn.

Geografi

endre

La Rioja grensar til Baskarland (provinsen Álava), Navarra, Aragón (provinsen Zaragoza) og Castilla y León (provinsane Soria og Burgos). Elva Ebro renn gjennom denne regionen, og det same gjer elva Oja, som har gjeve namn til regionen.

Fjell og fjellkjeder

endre

Comarcaer

endre

Klima

endre

Regionen har hovudsakleg middelhavsklima. Rioja Alta får meir nedbør enn Rioja Baja. Gjennom heile regionen varierer den årsmiddeltemperaturen frå 11,8 °C til 31,8 °C og nedbøren varierer frå 300 til 600 mm på eit år. Vinden Cierzo er særs vanleg rundt La Rioja om vinteren.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: La Rioja