Ánna Marí-Élena

«Ánna Marí-Élena»
Singel av Andy Paul
Land Kypros
Språk Gresk
Utgjeve 1983
Låtskrivar(ar) Andy Paul

«Ánna Marí-Élena» (gresk «Άννα Μαρί-Éλενα») er ein song av Andy Paul.[1] Teksten og melodien var skrivne av Andy Paul.

Eurovision endre

Kypriotisk uttaking 1984 endre

«Ánna Marí-Élena» var eit av fire bidrag som deltok i den kypriotiske uttakinga til Eurovision Song Contest 1984 i Luxembourg i Luxembourg. Songen vart framført på gresk av Andy Paul, som òg skreiv songen. Bidraget vann tevlinga.[2]

Eurovision Song Contest 1984 endre

Etter sigeren i den kypriotiske uttakinga vart det klårt at «Ánna Marí-Élena» ville representere Kypros i Eurovision Song Contest 1984. I finalen enda Kypros på 15. plass med 31 poeng; tolv frå Jugoslavia, ti frå Danmark, fire frå Sverige og Irland og eitt frå Frankrike.

Fotnotar endre

  1. «Eurovision Song Contest 1984» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 17. april 2014. 
  2. «Cyprus 1984» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 17. april 2014. 

Kjelder endre