Árgos Orestikó
town in Greece, Vest-Makedonia
Árgos Orestikó Lokalt namn Άργος Ορεστικό | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Makedonía |
Koordinatar | 40°27′N 21°15′E / 40.450°N 21.250°E |
Areal | 349,3 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Vest-Makedonía Kastoriá |
Hovudsete | Árgos Orestikó (7 237 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 10 685 (2021[1]) |
Folketettleik | 30,6 /km² |
Árgos Orestikó (gresk Άργος Ορεστικό) er ein distriktsby og ein kommune i periferieininga Kastoriá i periferien Vest-Makedonía i Hellas. Han ligg sør for byen Kastoriá.[2]
Administrativ inndeling
endreKommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Árgos Orestikó
- Íon Dragoúmis
Kommunen fekk namnet Orestída (gresk Ορεστίδα), men vart døypt om til Árgos Orestikó i 2013.[3] Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Árgos Orestikó 10 685 innbyggjarar, kommunaleininga med same namn 8 328 innbyggjarar, medan tettstaden Árgos Orestikó hadde 7 237 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[4] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Árgos Orestikó | Árgos Orestikó | 7 473 | 7 237 |
Ambelókipi | Íon Dragoúmis | 668 | 630 |
Kostarázi | Íon Dragoúmis | 751 | 609 |
Vogatsikó | Íon Dragoúmis | 543 | 434 |
Jérmas | Íon Dragoúmis | 560 | 380 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ «Μετονομασία του Δήμου Ορεστίδος σε Δήμο Άργους Ορεστικού» (PDF) (på gresk). Εφημερίς της Κυβερνήσεως (Φ.Ε.Κ.) (Regjeringskunngjeringar). 22 May 2013.
- ↑ Folketeljing 2011, revidert