Vest-Makedonía

Vest-Makedonía
Δυτική Μακεδονία
Plasseringa til Vest-Makedonía i Hellas
 
Land: Hellas
Hovudstad: Kozáni
Periferieiningar: Kozáni
Grevená
Kastoriá
Flórina
Folketal: 283 689 (2011[1])
Areal: 9 451 km²
Folketettleik: 30 /km²
Heimeside: www.pdm.gov.gr

Vest-Makedonía (gresk Δυτική Μακεδονία, Dytikí Makedonía) er ein av tretten periferiar i Hellas. Han omfattar dei tidlegare prefektura Kozáni, Grevená, Kastoriá og Flórina.

GeografiEndra

Periferien ligg nordvest i landet og grensar til periferiane Sentral-Makedonía i aust, Thessalía i sør, Ípiros i vest, i tillegg til nabolanda Nord-Makedonia og Albania i nord. Mykje av Vest-Makedonía er fjellendt, noko ein òg ser i fordelinga av folkesetnaden, som er oppunder 300 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane bur i jordbruksområda.

Periferieiningar og kommunarEndra

Etter den administrative reforma i 2010 med endringar i 2019 er periferien Vest-Makedonía delt inn i fire periferieiningar som omfattar 13 kommunar.[2][3]

Periferieining Innbyggjarar Kommunar
Kozáni 150 196 Kozáni, Eordéa, Vóio, Sérvia, Velvendós
Grevená 31 757 Deskáti, Grevená
Kastoriá 50 322 Nestório, Orestída, Kastoriá
Flórina 51 414 Préspes, Flórina, Amýndeo
Kommune Periferieining Areal Folketal Hovudsete
1   Kozáni Kozáni 1 072,3 71 388 Kozáni
2   Eordéa Kozáni 707,9 45 592 Ptolemaída
3   Vóio Kozáni 1 021,0 18 386 Siátista
4   Sérvia Kozáni 605,7 11 382 Sérvia
5   Velvendós Kozáni 126,5 3 448 Velvendós
6   Deskáti Grevená 421,2 5 852 Deskáti
7   Grevená Grevená 1 859,9 25 905 Grevená
8   Nestório Kastoriá 618,5 2 646 Nestório
9   Orestída Kastoriá 349,3 11 802 Árgos Orestikó
10   Kastoriá Kastoriá 755,0 35 874 Kastoriá
11   Préspes Flórina 504,2 1 560 Lemós
12   Flórina Flórina 827,6 32 881 Flórina
13   Amýndeo Flórina 599,6 16 973 Amýndeo

Byar og tettstaderEndra

Dei største byane og tettstadene i periferien er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Kozáni Kozáni 41 066
Ptolemaída Eordéa 32 127
Flórina Flórina 17 686
Kastoriá Kastoriá 13 387
Grevená Grevená 13 137
Árgos Orestikó Orestída 7 473
Siátista Vóio 5 490
Amýndeo Amýndeo 3 671
Deskáti Deskáti 3 508
Velvendós Velvendós 3 360
Khlói Kastoriá 3 079
Maniáki Kastoriá 3 055
Sérvia Sérvia 2 980
Krókos Kozáni 2 977
Neápoli Vóio 2 285
 
Periferibygningen til Vest-Makedonía i Kozáni.
 
Vest-Makedonía. Brua over reservoaret Polýfytos ved elva Aliákmonas i Kozáni.

ØkonomiEndra

70 % av straumproduksjonen i landet vert produsert i Vest-Makedonía, og i tillegg er gruvedrift ei viktig næring. Dei siste åra har turisme vorte viktigare, særleg om vinteren. Vest-Makedonía er den einaste greske periferien utan kyst, men han har mange innsjøar, fjell, vakre landsbyar og to store skisenter i Flórina (Vígla) og Grevená (Vasilítsa).

GalleriEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
  2. Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010 
  3. Endringar i Kallikratis-reforma

KjeldeEndra