Å påskedag, du høgtidsstund

Aa paaskedag, du høgtidsstund,
Du glede-vell i hjartegrunn,
For Krist hev siger vunne!
No ber dei bod kring alle land
At dauden har sin overmann
I Jesus Kristus funne!

J.N.Skaar, fyrste verset etter Nynorsk salmebok nr 263

«Å påskedag, du høgtidsstund» er Johannes Nilsson Skaar si omsetjing av påskeversa i mellomaldersalmen «Haec dies laetitiae». Originalen er skriven på 1200-talet.

Skaar omsette teksten både til bokmål og nynorsk. Bokmålsteksten «O paaskedag, du høitidsstund» vart i 1881 trykt i Skaars Lovsange og aandelige Viser og sidan teken med i Gustav Jensen sitt Forslag til en revideret salmebok for Den norske kirke (1915), men han kom ikkje med i den endelege utgåva (Landstads reviderte salmebok). Derimot vart nynorskversjonen teken med i Nynorsk Salmebok (nr 263) og i Norsk salmebok (nr 168).

Meloditilvisinga «Kom hit til mig enhver især». No vert salmen oftast sungen til ein melodi av J.Chr.Fr. Hæffner frå 1820.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder: endre