Åge Hadler (fødd 14. august 1944) er ein norsk samfunnsgeograf og tidlegare orienteringsløpar frå Bergen. Han vart verdsmeister i 1966 og 1972 og nordisk meister i 1969 og 1971. I 1965 og 1971 var han med på dei norske laga som vann stafetten i nordisk meisterskap. Hadler, som vart noregsmeister på klassisk-distansen i 1966, 1967, 1970, 1971, 197, og på langdistansen i 1968, 1969 og 1973, var medlem i Bergens Turnforening til han flytta til Oslo for å studere. Etter den tid representerte han IL i BUL. Han og kona Ingrid Hadler gav i 1970 ut boka På tvers av stiene.

Åge Hadler

Fødd14. august 1944
Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkeorienteringsløpar
EktefelleIngrid Hadler

Åge Hadler var tilsett i Statens Kartverk frå 1986.

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.