Bergen

by i Vestland
Denne artikkelen handlar om byen i Noreg. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bergen (fleirtyding).
Bergen
by
Flagg
byvåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Areal 87,17 km²
Folketal 269 548  (2016)
Folketettleik 3 092 / km²
Ordførar Marit Warncke (H)
 - Varaordførar Thomas Flesland (Sp)
 - Byrådsleiar Christine B. Meyer (H)
Innbyggjarnamn bergensar
Preposisjon i Bergen
Kart
Bergen
60°23′33″ N 5°19′24″ E
Wikimedia Commons: Bergen, Norway
Nettstad: www.bergen.kommune.no

Bergen er ein by og administrasjonssenter i Bergen kommune i Vestland fylke. Byen ligg på vestkysten av Noreg og er den største byen på Vestlandet. Bergen heitte opphavleg Bjørgvin, som tyder «den grønne enga mellom fjella». Han vart grunnlagd av Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299 då denne funksjonen vart flytta til Oslo, men var framleis største byen i landet til ut på 1830-talet.[1] Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune låg i Bergen. Fram til 1972 var Bergen by eige fylke.

Bergen er ein by særprega av gamle trehus, fjordar og dei sju fjella. Byen er eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Bergen hamn er den hamna i Europa som har flest cruisebåtar innom årleg. Bergen har òg eit universitet som trekkjer studentar utanbys frå. Universitetet i Bergen har i dag rundt 17 000 studentar og 3 000 tilsette. Byen har fleire forskingsinstitutt som Havforskningsinstituttet, NIFES og Chr. Michelsens Institutt CMI. Her finst òg statlege etatar som Fiskeridirektoratet. Bergen lufthamn, Flesland er den internasjonale flyplassen som er knytt til byen.

Namn og symbol endre

Fotografi frå om lag 1910 med utsyn over Bergen.

Namnet «Bergen» kjem frå norrønt Bergvin eller Bjǫrgvin, av berg eller bjǫrg, ‘berg’, og vin, ‘eng’.[2] Folk frå Bergen vert kalla bergensarar. Bergen er også kjend som «byen mellom de 7 fjell». Dei sju fjella uttrykket viser til er Sandviksfjellet, Fløyfjellet, Blåmanen, Ulriken, Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn.[3]

Byvåpenet til Bergen er ei sølv borg på gull fjellgrunn mot raud bakgrunn. Våpenet har røter tilbake til 1200-talet. Det var opphavleg eit dobbeltsegl; framsida viste eit langskip med drakehovud på stemnene, medan baksida viste ei borg med mur rundt på eit tredelt fjell. Det er baksidemotivet som er vidareført til den moderne utgåva. På 1400-talet fekk byen eit nytt segl, basert på baksiden av det eldste seglet, men med nokre endringar. Fjellet under borga blei mellom anna omdanna til sju kuler for sju fjell. I nyare tid blei den gamle borgtypen gjeninnført, men ein heldt på den sjudelte fjellgrunnen. Byvåpenet med dei noverande fargane blei gokjend 1924. Dette året godkjende ein også byflagget, som er danna av byseglet på ein kvit flaggduk. Flagget har ein raud kant rundt dei tre frie sidene.[2]

Bysongen til Bergen er «Sang til Bergen», også kjend som «Udsigter fra Ulrikken», «Bergenssangen» eller «Jeg tok min nystemte». Han er skriven av Johan Nordahl Brun.

Historie endre

Vågen og bydelen Nordnes sett frå Fløyen.
Gamle pakkhusBryggen.

Bergen vart grunnlagd av kong Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299, då Oslo vart sete for kongen. Byen heldt stillinga som største byen i landet til ut i 1830-åra, og var frå ca. 1350 til ca. 1750 prega av den hanseatiske handelsverksemda, som bygningane på Bryggen langsetter austsida av Vågen minner om.

Dei eldste delane av byen finn ein i Vågsbunnen og mot Holmen, det vil seia det området som i dag heiter høvesvis Bryggen og Bergenhus.[1] Busetnaden spreidde seg etterkvart både langs strendene mot nord og vest og sørover i Bergensdalen.[4]

Bergen fekk bystatus under Olav Kyrre, ifølgje seinare kjelder i år 1070. Sogene fotel at Olav Kyrre bygde ei kristkyrke (domkyrkje) i tre på Holmen. Samtidig tok han til med å byggja eit større kyrkjebygg i stein. I 1163 blei bispesetet for Vestlandet flytta frå Selja til Bergen

Den «andre grunnleggjaren» av byen var kong Øystein Magnusson (1103–1123), som bygde ein kongsgard i tre like ved dei to kyrkjene. Heile byområdet var ein del av kongseigedommen Ålrekstad (Årstad), men under kong Øystein flytta kongemakten ned til sjølve byen. Frå midten av 1200-talet blei trebygningane i kongsgarden erstatta med steinhallar, blant desse Håkonshallen, og anlegget blei omgjeve av murar med tårn. I eit av desse innretta kongen eit kanselli.[1]

Aukande handel med fiskevarer frå nord og utanlandske varer som korn, klede og vin førte til vekst og stor tyding for Bergen. Tyske kjøpmenn etablerte seg i Bergen frå kring 1350 som ein fastbuande koloni tilknytt Det tyske (hanseatiske) kontoret. Etter kvart fortrengde hanseatene dei norske farmennene på dei viktigaste utanlandske marknadane. Frå kring 1310 var dei nesten einerådande i farten på England. Framleis opprettheldt sjøfararane islandsfarten, den farlegaste av handelsvegane, til 1413.[1]

Etter flyttinga av hovudstadsfunksjonane til Oslo i 1299 og svartedauden i 1349–1350 blei seinmellomalderen ei svakare tid for det bergenske bysamfunnet, og skipsfarten innskrenka seg til nokre skip i kystfart mellom Nord-Noreg og Bergen. På 1500-talet tok bysamfunnet seg opp igjen, no som eit borgarskap med eigen magistrat. Lensherrar som Christoffer Valkendorf og Erik Rosenkrantz trengde hanseatane tilbake. Hanseatane sitt område skulle berre omfatta Bryggen på nordaustsida av Vågen. Bydelar som hadde vokse fram i løpet av mellomalderen langs sørvestsida av Vågen (Strandsiden og Nordnes) og i Vågsbunnen, tilhøyrde det nye borgarskapet. Det fekk tilskot gjennom innvandring frå mange kantar; Danmark, Tyskland, Skottland og Nederland. Desse gav sjøfarten nye impulsar og tok opp nye forbindelsar, frå Arkhangelsk i nord til Sicilia i sør, frå slutten av 1500-talet. Ein slik konjunktursyklus går igjen i fleire hundreår. Næringslivet i byen sakka akterut i første halvdel av kvart hundreår. Deretter kom det gylne tider, gjerne ledsaga av ei ny innvandringsbølgje. Det var høgkonjunktur frå 1670, med innvandrarar frå Bremen og Niedersachsen og andre stader i Tyskland og Danmark. I 1765 fann den såkalla Strilekrigen stad i byen. Frå 1777 kom ei ny bølgje av nedersaksarar, og frå 1850-åra hadde byen særleg stor innvandring frå ulike område i Noreg, mest frå vestlandsfylka. I denne nye industrielle tidsalderen tok Bergen leiinga innan norsk skipsfart med ein rask overgang frå segl til damp. Den første dampskipsruta frå byen, til Christiania (Oslo), opna i 1827. Det Bergenske Dampskibsselskab blei stifta i 1851.[1]

Fram til inn på 1900-talet var dei viktigaste utførslevarene fiskeprodukt. I tidlegare tider blei det også skipa ut trelast frå Bergen. På 1800-talet fekk bergensk skipsfart eit oppsving gjennom utviklinga av liberalistiske idear og opphevinga av den britiske Navigasjonsakta i 1849. Då kunne nemlig handelsflåten gå i fraktfart samtidig som han framleis stod for eksport og import for byen. Samstundes fekk byen moderne industri i form av tekstil og konfeksjon, mekaniske verkstader, handelsmøller, småindustri, vass- og gassverk, i tillegg til økonomiske nydanningar som private bankar og assuranseselskap, og ein ny børsbygning. Byen fekk si første moderne sentrumsregulering etter ein brann i 1855.[1]

Etter første verdskrigen blei Bergen ramma av økonomiske kriser. Fallittar, stengde industrianlegg og skip i opplag kom i tillegg til følgjene av ein storbrann i 1916. Frå 1935 opplevde næringslivet ei avgjort betring, men andre verdskrigen med okkupasjonen påførte byen skadar som målt i pengeverdi låg høgare enn i nokon annan norsk by. Også talet på drepne og såra var høgt i Bergen og Laksevåg. Særleg i 1944 blei byen råka av den store eksplosjonskatastrofen 20. april, og allierte bomberaid den 4. og 29. oktober. Ved slutten av krigen låg bygningane på Bergenhus, Nykirken og Tollboden i ruinar.[1]

I 1979 kom BryggenUNESCO si verdsarvliste.[5]

Bybrannar endre

Opp gjennom tidene har det vore mange bybrannar i Bergen. Ein storbrann i 1248 på austsida av Vågen øydela elleve kyrkjer. I 1476, 1640, 1660, 1675 og 1686 blei Bryggen råka av nye storbrannar. I 1702 blei det meste av byen øydelagd av brann. Etterpå blei Bryggen gjenreist i gammal stil. Ein brann på Strandsiden i 1756 øydela 964 bygningar og mange sjøbodar.[1] Under ein storbrann 15. til 16. januar 1916 gjekk 380 bygningar i sentrum tapt, og 2700 personar vart heimlause. Ein storbrann la 4. juli 1955 nordre parten av bygningane på Bryggen i oske.

Geografi endre

Bergen ligg på Bergenshalvøya i Midhordland, som saman med Nordhordland utgjer regionen Bergen og omland i Vestland fylke. Bergen kommune har sjøgrenser mot kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Meland og Osterøy. På land grensar kommunen til Vaksdal, Samnanger og Os. Bykjernen ligg omtrent midt i kommunen, ved Byfjorden i den nordlege delen av Bergensdalen. Sentrumet i byen ligg i den nordvestlege enden av Bergensdalen, ved Byfjorden og fjordarmane Vågen og Puddefjorden, nord for Store Lungegårdsvannet. Kommunen har kystlinje frå nordaust til sørvest, og landegrenser berre i søraust.

Fjell endre

To av dei sju fjella, Fløyfjellet og Ulriken, sett frå Vågen.

Dei sju fjella som har gjeve byen kallenamnet sitt er:

Klima endre

Bergen har eit mildt og fuktig kystklima. Det er små temperaturendringar gjennom året. Med ein årsmiddeltemperatur på 7,7 °C er Bergen mellom dei høgste i Noreg. På grunn av den geografiske plasseringa mellom kysten og fjella har Bergen i gjennomsnitt 213 døger med nedbør i året. Dette kvalifiserer Bergen til ein 22. plass blant 357 undersøkte europeiske storbyar. 21. januar 2007 vart det ein ny rekord då det vart registrert heile 84 samanhengande døger med nedbør. Den gamle rekorden frå 1975 var på 59 døger. Gjennomsnittleg årleg nedbørsmengd er 2 250 mm.

Temperaturnivået har tendert til å vera noko høgre dei seinaste åra. Ser ein på dei seinaste 18 månadene, frå 1991 til 2009, har middeltemperaturane frå januar og juli auka til høvesvis 2,9 °C og 15,5 °C.

Vêrdata for Bergen (1961–1990)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 3,6 4 8,9 12,1 15 16,8 19,6 18,4 15,2 11,2 6,9 4,7 10,5
Gjennomsnittleg min °C −0,4 −0,5 3,1 5 7,2 10,2 11,5 11,6 9,1 6,6 2,8 0,6 5,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 190 152 170 114 106 132 148 190 283 271 259 235 2 250
Gns. dagar med regn 21 17 19 17 17 16 18 19 23 24 22 22 235
Gns. solskinstimar i månaden 18,6 56,5 93 147 186 195 180,4 166,6 87 58,9 24 9,3 1 179,3
Kjelde: World Meteorological Organisation,[6] Hong Kong Observatory[7]


Bydelar og område i byen endre

Bykjernen i Bergen ligg omkring strenden til Byfjorden i nord og rundt fjordarmane Vågen i aust, Puddefjorden i vest og Store Lungegårdsvannet i sør, oppover langs fjellsidene av dei omliggande sju fjella, og sørover i Bergensdalen. Svært mykje av kommunearealet er høgtliggjande snaufjell ein ikkje kan byggja på.

Bergenhus endre

Det historiske hjartet i byen er sentrert rundt Vågen. Ytst på austsida ligg Holmen, no Bergenhus festning med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet, alle frå mellomalderen. På Bergenhus var det tidlegare òg kongsgard, bispegard, kloster, katedralskule og fleire kyrkjer, blant desse den gamle domkyrkja Kristkirken, som blei riven av militære grunnar i 1531. Her låg relikviane av vernehelgenen for Bergen, Heilage Sunniva, som no er heidra med ein statue på staden. På denne staden blei kongane for Noregsveldet krona, vigd og gravlagde.

I sjøkanten nord for festninga ligg Bontelabo og passasjerhamna Skoltegrunnskaien. Herfrå og sørover langs festningsmuren og den austlege stranda av Vågen går Festningskaien som endar ved Bradbenken, basen for skuleskipet Statsraad Lehmkuhl frå 1914. På høgda aust for festninga ligg mellomalderborga Sverresborg frå 1184, og mellom dei to festningane ligg Koengen, som no ofte blir nytta som konsertområde. Dette strøket heiter Bergenhus.

Bryggen endre

Bryggen

Sør for Bergenhus ligg Dreggsallmenningen (sjå allmenning), med Mariakyrkja frå 1100-talet der det blei halde gudstenester på tysk til 1886, og Bryggens Museum. Vidare sørover langs austsida av Vågen ligg Bryggen med Det hanseatiske kvarter, Schøtstuene og Hanseatisk museum. Kvartalet mellom Dreggsallmenningen i nord og Nikolaikirkeallmenningen i sør består av trehus som blei bygde i gammal hanseatarstil etter bybrannen i 1702, men dei seks nordlegaste husa er kopiar som blei gjenreiste etter bybrannen i 1955.

Kvartala sør for Nikolaikirkeallmenningen består av bygardar i mur i same stil som blei reist etter byreguleringa i 1901 etter teikningar av Jens Zetlitz Monrad Kielland. Mellom det sistnemnde kvartalet går Lodin Lepps gate og Finnegardsgata frå kaifronten i vest til den eldste gata i byen, Øvregaten i aust, og kryssar Rosenkrantzgaten som går frå Nikolaikirkeallmenningen i nord til Vetrlidsallmenningen med Fløibanen og Kjøttbasaren i sør. Det ligg 61 freda bygningar i området, som står oppført på UNESCO si verdsarvliste, og heile strøket blir kalla Bryggen.

Vågsbunnen endre

Statue av Ludvig Holberg på Vågsallmenningen.

Inst i Vågen ligg Fisketorget og Zachariasbryggen, Vågsallmenningen, den gamle Børsbygningen i Bergen og dessutan bygningane som tidlegare husa Norges Bank og Bergens Kreditbank, og Korskirkeallmenningen med Korskirken frå 1100-talet og fleire bankar og pittoreske gamle bygningar, gateløp og smau. Sørover frå Vetrlidsallmenningen går Vesle Øvregate som ei fortsetjing av Øvregaten og Kong Oscars gate som ei fortsetjing frå Bryggen. Begge kryssar Krosskirkeallmenningen og går saman ved Bergen domkyrkje frå 1150. Herfrå held Kong Oscars gate fram sørover forbi Bergen katedralskole med røter tilbake til 1153, og Domkirkegaten vestover forbi Hordaland politikammer til Allehelgensgate. Dette strøket blir kalla Vågsbunnen.

Marken endre

Kong Oscars gate held fram sørover frå den kryssande Nygaten forbi Seminarium Fredericianum (Bergen barneasyl) frå 1752, Lepramuseet med Sankt Jørgen hospital frå 1411 og Sankt Jørgen kyrkje frå 1706, Danckert Krohns stiftelse frå 1789 og Zander Kaaes stiftelse frå 1770 (begge i seinbarokkstil), Sankt Jacobs kyrkjegard frå 1629 og Domkirkehjemmet sjukeheim, og endar ved Bergen handelsgymnasium og Stadsporten (byport frå 1628) som markererbyrjinga av Kalfarveiens og grensa mot Kalfaret. Dette området sør for Nygaten heiter Marken og har mange trehus og smau, avgrensa i vest av Kaigaten langs austbreidden av Lille Lungegårdsvannet, som kryssar Strømgaten som går langs sørbreidden av vatnet. Her ligg Kunsthøgskulen i Bergen, Grand Hotel Terminus, Bergen Jernbanestasjon, Bergen Offentlige Bibliotek og Nonneseter kapell frå 1250.

Nonneseter og Nygårdstangen endre

Strømgaten kryssa tidlegare ein vasstraum som band saman Lille Lungegårdsvannet med Store Lungegårdsvann lenger sør, men som no er fylt igjen og erstatta av Fjøsangerveien, som går frå Straumgata i nord til hovudkrysset for innfartsårene frå bydelane like ved Bergen hovudbrannstasjon i sør. I området mellom Fjøsangerveien og Kaigaten lenger aust, låg tidlegare Nonneseter kloster. Det endra namn til Lungegården etter at kong Fredrik I gav anlegget til riksråd Vincens Lunge i 1528. Ei gruppe bygardar er erstatta av Bergen Storsenter med Bergen Busstasjon og Bygarasjen, og dessutan fleire statlege administrasjonsbygg. Nokre mindre restar av klosteranlegget er verna. På vestsida av den gamle straumen ligg Vestre Strømkaien med legevakt, administrasjonsbygg, næringsbygg og fleire vidaregåande skular. Denne sida av straumen heitte Nygårdstangen, eit namn som i dag òg dekker dei gjenfylte områda ved nordenden av Store Lungegårdsvannet.

På austsida av Nordneshalvøyen langs vestsida av Vågen ligg Strandkaien med butikkar og hurtigbåtterminal frå Fisketorget i sør til Murallmenningen i nord. Parallelt med Strandkaien går Strandgata. På Murallmenningen ligg den gamle byporten Muren frå 1561, som i dag blant anna rommar Buekorpsmuseet. Herfrå fortset C Sundtsgate med ei rekkje hotell nordover og kryssar Holbergsallmenningen og Nykirkeallmenningen med Nykirken frå 1763. Parallelt med denne held Strandgata fram som gågate mellom Muralmenningen og Holbergsallmenningen og vidare nordover forbi Bergen tekniske fagskole og Bjørgvin vidaregåande skule til Nykirkeallmenningen, men ikkje som gågate. Lenger vest ligg Klosteret, der gamle Munkeliv kloster frå 1110 tidlegare låg. Nord for dette ligg parken Klosterhaugen, og i sør ligg vakttårnet Corps de Garde frå 1794, som opphavleg vart bygd for borgarvæpninga og seinare nytta som branntårn. På Holbergsalmenningen blei Ludvig Holberg fødd i 1684. Frå Munkebryggen like ved går Beffen i skytteltrafikk over Vågen til Bryggen. Detta strøket blir kalla Strandsiden.

Nordnes endre

Frå Nykirkeallmenningen fortset både C. Sundtsgate og Strandgata vidare nordover til Tollbodallmenningen med Tollboden frå 1761 i barokkstil. Strandgata held fram herfrå forbi Fiskeridirektoratet og munnar ut i Nordnesgaten som går fram til Nordnesparken. I denne parken, som er omgjeven av sjø på tre kantar, ligg Nordnes sjøbad og ein totempåle som blei skjenkt til byen sitt 900-årsjubileum i 1970 av venskapsbyen Seattle. Her ligg òg Havforskningsinstituttet og Akvariet i Bergen, og dessutan ei rekkje sjøbuer langs Vågen. Frå Nordnesgaten går Nordnesbakken vestover til Haugeveien, som går sørover på ei høgd med utsikt både mot Vågen og Puddefjorden. Denne held fram forbi avdelingar av Høgskulen i Bergen, Fredriksberg fort frå 1600-talet og fleire aldersheimar og bygardar. Dette strøket blir kalla Nordnes.

Verftet endre

På vestsida av Nordneshalvøya, mellom Nordnesparken i nord og Holbergsallmenningen i sør, og mellom Haugeveien i aust og Puddefjorden i vest, ligg bustadsområdet Verftet med trehus og smau og ei kai, og dessutan kulturhuset USF Verftet, restaurantar, og meir moderne leilegheitsanlegg i sjøkanten. Her låg det tidlegare eit skipsverft som heitte Georgernes Verft. Her ligg òg lokala til TV 2 og Studio Bergen, som er base for dansekompaniet Carte Blanche. Hovudgata i området heiter Verftgata, og heile strøket blir kalla Verftet.

Nøstet endre

Sørover frå Holbergallmenningen går Haugeveien over i Klosteret, og held vidare fram sørover til Murallmenningen som Klostergata. På begge sider av desse gatene ligg det skråninger med trehus og smau, på austsida tilhøyrer dei Strandsiden og på vestsida Nøstet. Sistnemnde ligg sør for Verftet og strekkjer seg frå Holbergsallmenningen i nord til Kjellersmauet og Baneveien i sør, og frå Klosteret og Klostergata i aust og vestover til Jekteviken i Puddefjorden, med Hurtigruteterminalen og Sørnes sjøbad. Langs sjøsida går hovudgata Nøstegata vestover og nordover med kaianlegg og næringsbygg i sjøkanten. Aust for denne ligg Skottegata, og ved Klostergata lengst i aust ligg Stranges stiftelse frå 1609 (noverande bygning frå 1751). Ved Murallmenningen i sør er innkøyrsla til det underjordiske parkeringsanlegget Klostergarasjen.

Sentrum endre

Torgallmenningen.
Byparken med Musikkpaviljongen.

Mellom Murallmenningen i nord og Lille Lungegårdsvann i sør ligg Bergen sentrum. Frå Murallmenningen fortset handlegatea Strandgaten sørover og parallelt med Strandkaien forbi kjøpesenteret Kløverhuset og Svaneapoteket med røter frå 1588, til hovudgata i byen, Torgallmenningen. Lenger vest, og parallelt med Strandgata, går Markeveien som er forbunden med Klostergaten via Smørsbroen. Mellom Strandgaten og Markeveien går Christian Michelsensgate, der blant anna lokala til Bergensavisen ligg. Bergen tinghus, som rommar Bergen tingrett, Nordhordland tingrett og Gulating lagmannsrett, ligg ved Tårnplassen.

Den breie Torgallmenningen er omgjeven av handelshus i klassisistisk stil som blei bygde i 1920-åra, etter bybrannen i 1916. Her ligg Sjømannsmonumentet og kjøpesentera Galleriet og Sundt varemagasin. På Olav Vs plass ligg Den blå stein. Vest for denne går Torggata, der mellom anna lokala til Bergens Tidende ligg.

Sør for Ole Bulls plass ligg Byparken med Musikkpaviljongen, og lenger sør ligg Festplassen ved nordbreidden av Lille Lungegårdsvannet. Vest for byparken ligg Vestlandske kunstindustrimuseum, og aust for byparken ligg Telegrafbygningen som no er kjøpesenter og hovudkvarter for Konkurransetilsynet.

I Rådhuskvartalet ligg Det gamle rådhuset frå 1558, Manufakturhuset frå 1646, Magistratbygningen frå 1702, Hagerupgården frå 1705, Det gamle tinghuset frå 1865, Bergen kretsfengsel frå 1867, Gamle Bergen hovudbrannstasjon frå 1888 og Det nye rådhuset frå 1974.

Engen endre

På vestsida av Øvre Ole Bulls plass ligg Logen Teater frå 1883. Ved nordenden av plassen ligg Teaterparken frå 1855 med Den Nationale Scene frå 1909. Christian Michelsens gate ligg aust for parken med det freda Kalmarhuset frå 1936 i funksjonalistisk stil og Bergen Sentralbad. I denne gata låg òg det gamle Komediehuset på Engen frå år 1800, som hadde romma Det norske Theater og seinare Den Nationale Scene. Det blei øydelagd under bombinga i 1944.

Sydnes endre

Dragefjellstrappen, sett frå Sydnesgaten.

Vest for Engen ligg Sydnes, som ugjer den nordlege delen av eit høgdedrag som ligg mellom dei hittil skildra områda i aust og den austlege stranda til Puddefjorden i vest. Den nordlegaste delen blir kalla Dragefjellet, og her ligg Magnus Lagabøtes plass med Universitetet i Bergen sitt juridiske fakultet. På høgda går Ivar Aasens gate, Sydneshaugen og Øysteins gate parallelt sørover frå Dokkeveien til Sydnesplassen, med Johanneskirken frå 1894 og det humanistiske fakultetet til universitetet. Frå Sydnesplassen går det ei brei trapp ned til Vestre Torggate og sentrum. Sør for Sydnesplassen ligg Haakon Sheteligs plass med Den kulturhistoriske avdelinga til Bergens museum, Universitetsbiblioteket i Bergen, lyststaden Fastings Minde og Bergens Sjøfartsmuseum. Olav Kyrres gate går forbi studentkulturhuset Det Akademiske Kvarter og vidare gjennom sentrum i aust.

Nygård endre

Sør for Sørnes blir høgda kalla for Nygårdshøyden. Dette området er prega av herskapshus og bygardar. Ved Muséplassen ligg Den naturhistoriske avdelinga til Bergens museum og administrasjonen tillUniversitetet i Bergen administrasjon. Ved Christiesgate ligg Sankt Paul katolske skule med røter frå 1873 og steinkyrkja Sankt Paul katolske kyrkje frå 1876. Ved Menneskerettighetenes plass held fleire menneskerettsorganisasjonar til, mellom dei Raftostiftelsen, i området bak den botaniske Muséhagen. Parkveien går sørover forbi Studentsenteret til Nygårdsparken, og Olaf Ryes veg går vestover forbi den studentdrivne konsertstaden Hulen mot Møhlenpris, som ligg sør og vest for høgda. Allégata går forbi det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved universitetet og ender ved Geofysisk Institutt, der høgda sluttar. Området herfrå og sørover til Store Lungegårdsvannet blir kalla Florida, og her ligg Nygårdsbroen som markerer byrjinga på Nygårdsgaten med Florida sjukehus og avdelingar av Høgskulen i Bergen. På austsida av Lars Hillesgate ligg Bergen maritime vidaregåande skule og fleire private vidaregåande skular, fylkesadministrasjonen i Hordaland, og lenger nord dei tre avdelingane til Bergen Kunstmuseum langs Rasmus Meyers Allé, som følgjer vestbreidden til Lille Lungegårdsvannet. Mellom Lars Hillesgate og Nygårdsgaten ligg Sankt Jakob kyrkje frå 1921, Handelshøgskolen BI, Grieghallen frå 1978 og Edvard Griegs plass, Griegakademiet, Nygård skule og det psykologiske fakulteta til universitetet. Ved John Lunds plass ligg den samfunnsvitskaplege fakultetet til universitetet. Til saman dannar området Nygård.

Sør for Dokkeskjærskaien og vest for Nygårdshøyden ligg bustadsområdet Møhlenpris med eit kvadratisk gatenett med mange gamle bygardar, og blant desse kvartala ligg òg den såkalte Trikkebyen. Ved grensa mot Sørnes i nord munnar Nygårdstunnelen frå Nygårdstangen ut, og denne vestlege innfartsåra held fram over Puddefjordsbroen til Gyldenpris. Sør for dette ligg Bergen Tekniske Museum. På Marineholmen låg det tidlegare ein marinebase og skipsverftindustri, i dag erstatta av Vitensenteret, Nansensenteret og Høyteknologisenteret, alle med Nygårdsparken i ryggen oppover mot Nygårdshøyden. Desse områda utgjer strøket Møhlenpris.

Laksevåg endre

Den nordlege delen av vestsida til Puddefjorden blir kalla Laksevåg, og er den delen av Laksevåg bydel som ligg innanfor dei sju fjella og difor blir rekna til bykjernen. Laksevåg ligg ved foten av byfjella Lyderhorn, Damsgårdsfjellet og den nordlegaste delen av Løvstakken, og dessutan i dalføra mellom desse, og er avgrensa av Byfjorden i nord og av Puddefjorden i aust. I dalføret mellom Lyderhorn og Damsgårdsfjellet ligg Ytre Laksevåg med bustadsområda Lyngbø, Gravdal og Nygård. På Nygård ligg Laksevåg vidaregåande skule og Nygård kyrkje og kyrkjegard. I Gravdal ligg Sjøkrigsskolen, Kommandantboligen og Kvarven fort, og over byfjorden ligg Askøy i nord. På Laksevågneset nord for Damsgårdsfjellet ligg bustadsområdet Kringsjå med Laksevåg senter og industri i sjøkanten. På Damsgård ligg skipsverftet Bergen Mekaniske Verkstad (BMV), Laksevåg sentrum, Laksevåg kyrkje frå 1875 og Damsgård hovudgard frå 1700-talet i rokokkostil.

Årstad endre

Sør for Damsgård ligg Gyldenpris, med Puddefjordsbroen over til Møhlenpris og sentrum, Løvstakktunnelen gjennom Løvstakken til Fyllingsdalen bydel, og Damsgårdstunnelen gjennom Damsgårdsfjellet til Ytre Laksevåg. Her ligg Gyldenpris studentbustader, Sankt Markus kyrkje og lyststaden Urdihuset i seinempirestil, og dessutan tett bustadsbusetnad i fjellsida og industri langs vatnet. Ved Danmarksplass ligg Forum kino og Krohnsminde stadion. Vidare sørover langs Løvstakksiden ligg Solheim, med Solheim kyrkje, Solheim kapell, Solheim gravplass, handlegata Solheimsgaten og næringsområdet Solheimsviken med messesenteret Arenum, der det tidlegare var omfattande verftindustri. Bustads- og næringsområdet Minde husar Tinemeieriet, post- og godsterminalar og lokala til NRK Hordaland. På Kronstad ligg herregarden Kronstad gard frå 1781 i empirestil, Krohnsminde idrettsplass, Haukelandshallen, Årstad vidaregåande skule og Årstad kyrkje frå 1890. På Kronstad ligg òg Høgskulen i Bergen i eit bygg innvigd i 2014. Sør for Kronstad ligg Fridalen med Brann Stadion, Fridalen kyrkje, Langhaugen vidaregåande skule, Christieparken og Leaparken. På austsida av Tveitevannet lenger sør ligg Slettebakken med Bergenshallen, Slettebakken hovudgard, Slettebakken kyrkje og Sletten senter. Sør for Tveitevannet ligg Fantoft, med Fantoft studentby, Fantoft stavkyrkje og Chr. Michelsens Institutt. På Landås ligg Landås kyrkje, Landåshallen idrettshall, Landåstorget kjøpesenter og Høgskulen i Bergen si avdeling for lærarutdanning. Nattland husar Nattland studentby og omfattande busetnad oppover i Nattlandfjellet. Alle dei her nemnde områda har svært tett busetnad og utgjer til saman Årstad bydel i Bergen kommune, i dei nordlege delane av Bergensdalen, mellom byfjella Ulriken i aust og Løvstakken i vest.

Mellom Landås i sør, Kronstad i vest og Kalfaret i nord ligg sjølve Årstad, som òg høyrde til gamle Årstad kommune, men som i dag høyrer til Bergenhus bydel. I dette området låg mellomalderkongsgarden Alrekstad, og her ligg Haukeland universitetssjukehus, Ulriksbanen, Haraldsplass diakonale høgskule og Haraldsplass Sjukehus, Statsarkivet i Bergen, Alrek studentheim, Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen, avdelingar av Høgskulen i Bergen og mange gamle herskapsvillaer.

Kalfaret og Fjellsida endre

Langs austsida av Store Lungegårdsvannet og oppover i fjellsida til Fløyfjellet, mellom den gamle bygrensa mot Årstad i sør og Stadsporten i nord, ligg det herskapelege strøket Kalfaret. Kalfarveien går her forbi Pleiestiftelsen for spedalske frå 1857, Assistentkyrkjegarden frå 1837 og Bergen handelsgymnasium. Frå Seiersbjerget går Kalfarveien sørover forbi dei gamle lokala til Hansa bryggeri, som no er omgjort til leilegheitsanlegget Hansaparken, museum og mikrobryggeri, og vidare forbi Bergen byarkiv til bustadsområdet Fløen.

Nord for festningane Bergenhus og Sverresborg, ligg strøka Skuteviken nedanfor Nye Sandviksveien og Ladegården ovanfor, og gata held fram forbi Rothaugen til strøket Sandviken lenger nord, med den nygotiske steinkyrkja Sandvikskirken frå 1881. Langs Byfjorden frå Bontelabo går Sjøgaten med ei rekkje verneverdige gamle sjøbuer kalla Skuteviksboder og Sandviksboder (med Norges Fiskerimuseum). Busetnaden strekkjer seg langt oppover i fjellsida, og her oppe held Fjellveien fram forbi utsiktpaviljongen Mon Plaisir, lystgarden Christinegård frå 1700-talet, og trappa/turstien Stoltzekleiven som leiar opp mot toppen av Sandviksfjellet. Fjellveien endar opp ved lyststaden Måseskjæret frå 1795 ved den austlege stranden til Byfjorden. Like ved ligg Stoltz' reperbane frå 1690-åra, som er den eldste verna reiparbanen i Europa. Nord for dette ligg Ytre Sandviken. Her ligg det kutlurhistoriske friluftsmuseet Gamle Bergen Museum ved lyststaden Elsero, og ovanfor dette i aust ligg Sandviken sjukehus. Herfrå går Munkebotn oppover fjellsida forbi forsvarsverket og utsiktspunktet Sandviksbatteriet og vidare til toppen av Sandviksfjellet. Nordover i strøket ligg bustadsområde som Nyhavn, Breiviken (med Norges Handelshøyskole), Øyjorden, Biskopshavn (med nøsteforma Biskopshavn kyrkje frå 1966), Eikeviken, Hellen (med badeplassen Helleneset) og Lønborg. Ytre Sandviken er dermed det nordlegaste strøket i bydelen Bergenhus, og markerer slutten på bykjernen mellom dei sju fjella.

Samferdsle endre

Bergen lufthamn, Flesland.

Bergen er eit viktig knutepunkt på Vestlandet og den einaste byen mellom Stavanger og Trondheim med både jernbane, stamflyplass og viktig eksport- og importhamn. Byen er endepunkt for Bergensbanen. Bergen lufthamn ligg på Flesland, om lag 16 kilometer sørvest for bysenteret, med direkte flygingar til dei fleste større flyplassane i Noreg og ei lang rekke utanlandske destinasjonar. Frå Bergen fører ei rekke samband med rutebåtar både lokalt, langs kysten og til utlandet. Bergen er utgangspunkt for Hurtigruta nordover, og det er samband med hurtigbåt til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, Hardanger/Sunnhordland og Rogaland med Stavanger.

Dei viktigaste vegsambanda er E 16 frå aust og E 39 frå nord og sør. Av andre viktige vegar kan nemnast riksveg 555, som gjev ferjefritt samband vestover, til øykommunane Fjell, Sund og Øygarden. E 16 gjev heilårs, ferjefritt vegsamband mellom Bergen og Oslo via Voss, Aurland og Valdres.

Det har vore gjort omfattande arbeid for å betre vegsambanda gjennom byen, særleg på E 39 nordover, og det er i denne samanhengen bygd fleire større tunnelar. Fleire bruprosjekt har endra kommunikasjonstilhøva dramatisk, mellom anna Sotrabrua (1971), Askøybrua (1992), Nordhordlandsbrua over Salhusfjorden (1994) og Osterøybrua over Sørfjorden 1997. I 1996 opna Bjorøytunnelen, ein undersjøisk vegtunnel mellom Håkonshella og Bjorøya i Fjell kommune.

Kultur endre

Vestlandske Kunstindustrimuseum, Nordahl Bruns gate, Bergen

Bergen husar det eldste musikkselskapet i Noreg, Harmonien, med symfoniorkesteret Bergen Filharmoniske Orkester. Det faste teateret Den Nationale Scene, Carte Blanche Dansekompani, musikkstiftingane Vest-Norges Opera og Opera Vest held til her. Konserthuset Grieghallen er frå 1978.[8]

Det blir halde fleire festivalar i Bergen. Nokre av dei er festspela i Bergen, Nattjazz, musikkfestivalen Bergenfest, samtidsmusikkfestivalen Borealis, studentfestivalen UKEN, Kystsogevekene, Phonofestivalen, Bergen internasjonale filmfestival, Bergen internasjonale musikkfestival og Holbergdagene. Byen er også kjend for buekorpsa sine, som først blei skipapå 1850-talet.

Kinoar i byen er Magnus Barfot, Konsertpaleet og Bergen Kino. Den tidlegare største kinoen i Bergen, Forum kino, blei lagt ned i 2005.

Museum endre

Troldhaugen, heimen til Edvard Grieg.

Bergen Museum blei grunnlagd i 1825 med stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie og biskop Jacob Neumann som to av grunnleggjarane. Det er i dag landsdelmuseum på Vestlandet og driv omfattande fleirfagleg forsking og formidling som ein integrert del av universitetet i byen. Museet består av De kulturhistoriske samlinger med utstillingar innan arkeologi, etnografi, kulturhistorie og kunsthistorie, De naturhistoriske samlinger med utstillingar innan botanikk, geologi og zoologi og ei museumsavdeling om historia til sjølve museet, og dessutan Muséhagen, ein botanisk hage utanfor bygningen.

Bergens Sjøfartsmuseum ligg like ved dei kulturhistoriske samlingane, og har utstillingar som dekker heile sjøfartshistoria frå dei eldste tidene til i dag, med ei rekkje unike gjenstandar og ei omfattande samling modellar av kjende fartøy.

Bergen Kunstforening er den nest eldste kunstsamskipnaden i Noreg, og blei stifta i 1838 av målaren J.C. Dahl. Samskipnaden eig kunstgalleriet Bergen Kunsthall, som er ein av dei største norske visingsstadene for samtidskunst, og ein markant aktør i formidling og produksjon av nasjonal og internasjonal samtidskunst.

KODE Kunstmuseene i Bergen er ei samanslutting av Bergen kunstmuseum, som er eit av dei største kunstmusea i Norden, med kunst frå 1400-talet til vår tid, Vestlandske kunstindustrimuseum, som viser kunsthandverk gjennom 500 år og dessutan ei unik samling med kinesisk kunst, og tre musum knytte til komponistheimane Edvard Grieg Museum Troldhaugen, Siljustøl Museum (Harald Sæverud) og Museet Lysøen (Ole Bull). Det blir òg halde konsertar i dei tre sistnemnde musea.

Bymuseet i Bergen er ei samanslutting av ei rekkje kulturminne og kulturhistoriske musum i Bergen, som omfattar Alvøen hovudbygning, Bergen Skolemuseum, Bryggens museum, Damsgård hovudgard, Gamle Bergen museum, Hordamuseet, Håkonshallen, Lepramuseet og Rosenkrantztårnet. Bryggens Museum presenterer funn frå verdsarvstaden Bryggen.[9]

Det Hanseatiske Museet og Schøtstuene omfattar schøtstuene og ein av dei best verna handelsgardane på Bryggen frå hanseatartida, og viser forsamlingsrom og ei autentisk handelsstove med blant kjøpmannskontor, soveplassar for drengene og gjestestove, og originale gjenstandar som er samla inn frå dei ulike hanseatiske handelsgardane på Bryggen.

Akvariet i Bergen, som blei finansiert ved ein innsamlingsaksjon blant borgarane i byen, opna i 1960 og var då det største og mest moderne akvariet i Nord-Europa. Akvariet viser eit representativt utval av norsk marin fauna, og dessutan selar, pingvinar, karpefisk, krokodillar, slangar, skjelpadder og andre eksotiske dyr.

Norges Fiskerimuseum i Sandviken er eit spesialmuseum som dekker alle aspekt ved utnyttingaav fiskeriressursane i havet gjennom tidene og dessutan fiskerihistoriske filmar, arkiv, fotografi og spesialsamlingar med sjøkartfiskekart, båttegninger, fiskerialmannakker osb.

Bergen Tekniske Museum er ein del av dei tekniske samlingane i Bergen og vert drive av fleire organisasjonar. Utstillinga viser den tekniske utviklinga på Vestlandet og i Bergen, med hovudfokus på landtransport. Museet har ei stor samling av gamle framkomstmiddel som veteranbilar, trikkar, bussar, syklar, motorsyklar, og dessutan ei av dei gamle fløibanevognene, og historisk militærmateriell, brannvernsutstyr, eit fungerande boktrykkeri og køyring med gamle sporvogner.

Norsk Trikotasjemuseum er eit nasjonalt teknisk-industrielt kulturminne og ein del av Museumssenteret i Hordaland. Det ligg i gamle Salhus Tricotagefabrik som blei etablert i 1859 som ein av dei første trikotasjefabrikkene i landet og nedlagd i 1989.

Buekorpsmuseet blei etablert i 1977 og viser effektar, buekorpsfaner, trommer, sablar osb. frå alle aktive buekorps i Bergen og nokre av dei som er nedlagde. Museet har òg ein komplett offisersuniform frå borgervæpninga. Totalt har det vore over 200 buekorps i byen gjennom åra. Museet ligg i Murhvelvingen frå 1561.

Parkar endre

Muséhagen – botanisk hage

Byparken ved Lille Lungegårdsvannet blei laga etter bybrannen i 1855 i fransk stil, i likskap med Teaterparken lenger nord, som fungerte som festplass i byen før teaterbygningen blei bygd der i 1909. Nygårdsparken på sør- og vestsida av Nygårdshøyden er den største parken i byen. Han blei laga i 1885 i engelsk stil, og var teikna av den danske hagearkitekten S. Lund Leiberg i 1880. Ytterst på Nordnes ligg Nordnesparken, som blei anlagt i 1889. Same året blei Muséhagen anlagt som botanisk hage på Nygårdshøyden. I Sandviken ligg Meyemarken som var namnet på Otto Meyer sin eigedom på den tidlegare grunnen til Ladegården. Meyermarken blei anlagt her i 1988 i engelsk stil etter eit initiativ frå samskipnaden Høddens Vener. I tillegg har byen mindre parkar som Klosterhaugen, Skanseparken og Øvre Ole Bulls plass. Bergenhus festning, Sverresborg og Fredriksberg fort er andre grøne lunger og rekreasjonsområde sentralt i bybiletet.

Språk i Bergen endre

For meir om dette emnet, sjå bergensk.

Bergensdialekten er kjend for å skilja seg frå hordalandsdialektane elles, og ber særleg preg av påverknad frå tyske hanseatar. Han er mellom anna vorte forenkla slik at han berre har to grammatiske kjønn, samkjønn og inkjekjønn, mot tre i dei andre målføra (hankjønn, hokjønn, inkjekjønn).

Fleire aviser som vert redigerte både på bokmål og nynorsk kjem ut i Bergen, som til dømes Dagen og Bergens Tidende.

Venskapsbyar endre

Kjende bergensarar endre

For meir om dette emnet, sjå bergensarar.

Sjå òg endre

Galleri endre

Bergensdalen sett frå Ulriken. Fjellet midt i biletet er Løvstakken, bak dette ligg bydelen Fyllingsdalen. Til venstre ser ein Nordåsvatnet (brakkvatn) og bydelane Ytrebygda og Fana. Midt i biletet ser ein Årstad bydel med mellom anna Brann Stadion. Til høgre ser ein Store Lungårdsvann (saltvatn), Bergen sentrum og fjellsida oppover mot Fløyen.
Utsikt mot Bergen sentrum frå søraust.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Thorsnæs, Geir (28. januar 2019). «Bergen – historie». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 Thorsnæs, Geir; Thune, Nina Aldin (3. mai 2019). «Bergen». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Thorsnæs, Geir (22. februar 2019). «Bergen – natur». Store norske leksikon (på norsk). 
  4. Thorsnæs, Geir (22. februar 2017). «Bergen – bosetning». Store norske leksikon (på norsk). 
  5. UNESCO (2007). «World Heritage List». Henta 14. august 2007. 
  6. «World Weather Information Service – Bergen». World Meteorological Organization. Henta 15. april 2012. 
  7. «Climatological Normals of Bergen». Hong Kong Observatory. Arkivert frå originalen 6. februar 2013. Henta 15. april 2012. 
  8. Thorsnæs, Geir (22. februar 2017). «Bergen – offentlige institusjoner, kultur». Store norske leksikon (på norsk). 
  9. Anne-Sofie Hjemdahl. «Bryggens Museum». Store norske leksikon. Henta September 1, 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergen

Koordinatar: 60°23′22″N 5°19′48″E