Åge Ramberg
Åge Ramberg (28. september 1921–24. august 1991) var ein norsk skulemann og politikar frå Larvik i Vestfold. Han representerte Vestfold og Kristeleg Folkeparti på Stortinget i til saman tolv år.
Åge Ramberg | |||
Fødd | 28. september 1921 | ||
---|---|---|---|
Død | 24. august 1991 (69 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Alle verv |
|
Far til Ramberg var tilsett i Norges Statsbaner. Sjølv vart han student i 1941 og tok cand.real.-eksamen ved Universitetet i Oslo i 1948 med matematikk som hovudfag. Skuleåret 1948/49 var han lektor i Sarpsborg. Sidan hadde tilsvarande stillingar ved Porsgrunn gymnas i ti år til 1959, og der etter ved Sandefjord gymnas til 1985.
Ramberg var medlem i Porsgrunn bystyre 1952-1959. Valperioden 1964-67 var han med i formannskapet i Sandar kommune. Etter kommunesamanslåing var han medlem i Sandefjord formannskap frå 1968 til -1973. Hausten 1973 vart han vald til stortingsrepresentant frå Vestfold og for Kristeleg Folkeparti. Han vart attvald i 1977, men rauk ut or Stortinget i 1981 då Kristeleg Folkeparti mista sitt mandat i fylket. Derimot lukkast Ramberg å kome inn att for ein ny fireårsperiode gjennom stortingsvalet 1985. På stortinget var Ramberg 1973-77 medlem i Sosialkomiteen, 1977-81 formann i Administrasjonskomiteen og 1985-89 medlem i Forsvarskomiteen.