Stortingsrepresentant

medlem av Stortinget

Ein stortingsrepresentant (historisk ofte kalla stortingsmann) er ein folkevald til den norske nasjonalforsamlinga, Stortinget. Han eller ho er vald av innbyggjarane i Noreg til å sitje på Stortinget, som er det øvste demokratisk valde organet i Noreg. Representantane kan tale og stemme på Stortinget, men mykje av arbeidet gjer dei i dei ulike stortingskomitéane.

Det har sidan Stortingsvalet 2005 vore 169 representantar, av dette 150 distriktsrepresentantar og 19 utjamningsmandat. I tillegg kjem vararepresentantar frå dei listene som får representantar på Stortinget.

Valordning endre

Sjå òg Valordning i Noreg.

Krav til å vere valbar endre

For å vere valbar til Stortinget må ein oppfylle krava til røysterett (vere norsk statsborgar, vere fylt 18 år ved utgangen av valåret og vere eller ha vore folkeregisterført busatt i Noreg) og ikkje vere administrativ tilsett i eit av departementa, i diplomatiet eller vere dommar i Høyesterett.[1]

Kandidatane er i utgangspunktet pliktige til å stille til val om dei blir nominerte, noko som resulterte i at Samfunnspartiet nominerte ei rekke kjendisar til Samfunnspartiet si liste utan deira vitande og vilje.[2] For å få fritak frå nominasjon må kandidaten anten vere busett i ein annan valkrins, vere medlem av eit anna parti eller vere vald inn i førre periode.[1]

Distriktsrepresentantar endre

Distriktsrepresentantane blir valde ved forholdstalsval i fleirmannskretsar der kvart fylke fungerer som ein valkrins. Representantane blir fordelt etter St. Laguës modifiserte metode.

Utjamningsmandat endre

Sjå òg Utjamningsmandat.

Kvar valkrins (fylke) har eit utjamningsmandat som blir fordelt mellom dei partia som har over 4% av røystene på landsbasis og har flest «ubrukte» stemmer.

Løn endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Stortingets lønnskommisjon.

Stortingsrepresentantane har ei basisløn på 654 000, i tillegg har representantar som bur lengre enn 40 km unna Stortinget 169 kr/dag, medan lokale representantar mottar 75 kr i daggodtgjersle. I tillegg dekkast telefon og reiseutgifter for representantane.

For stortingsrepresentantar er pensjonsalderen 65 år. Full alderspensjon får ein etter dagens reglar etter 12 år og utgjør 66 prosent av den årlege godtgjersla til stortingsrepresentantar.

Referansar endre

Sjå òg endre