Åge Sten Nilsen (fødd 22. november 1969) er ein norsk rockeartist. Han er kjent som songar i bandet Wig Wam der han brukar artistnamnet «Glam». Åge Sten Nilsen er frå Sarpsborg, men bur no i Fredrikstad.

Åge Sten Nilsen

Åge Sten Nilsen - Wig Wam
Fødd1969-11-2222. november 1969 (54 år)
FødestadSarpsborg, Noreg
FødenamnÅge Sten Nilsen
AliasGlam
OpphavNoreg
Aktiv1998 - i dag
Tilknytte artistarTrond Holter
Bernt Jansen
Øystein Andersen

Nilsen drev tidlegare med sport, fotball og handball, men er òg ein habil teiknar. Etter gjennombrotsåret 2005 då Wig Wam deltok i Melodi Grand Prix, kan han og gruppa no leve av musikken.

I 1998 under artistnamnet "g-sten", deltok han i Melodi Grand Prix med songen «Always Will». Han kom på 3. plass med 31 poeng.

Nilsen gav ut albumet "g-sten" under artistnamnet "g-sten" i 2000. Dette albumet vart spelt inn på nytt i 2006 og sloppe i desember same år. Då med albumnamnet "Wolf & butterfly".

Nilsen spelte rolla som dommaren The Arbiter i musikalen Chess i Oslo Spektrum 9-12. november 2006.

Nilsen er òg programleiar i Singing Bee og deltakar i Det store korslaget der koret hans, Team Åge, vann.

Han hadde lenge lyst til å lage eit musikalsk show, og enda opp med å lage eit show kalla "The show must go on" - ei hyllest til Queen. Showet hadde premiere 17. oktober 2007 i Fredrikstad. I heile 2008 turnerte Nilsen land og strand rundt med "The Show Must Go On". Det vart totalt selt rundt 60 000 billettar, og det første til å hatt 10 show på Drammens Teater som vart heilt utselt. Med seg hadde han bl.a Stian Joneid og Jonas Groth, to andre velkjende sarpingar.

9. februar 2009 sleppte Nilsen solo-plate nr 2, med namnet Glamunition.

Utgjevingar endre

Kjelder endre