1969
år
1969 var eit år i 1960-åra.
1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- 10. januar: Sverige godkjende Nord-Vietnam.
- 15. januar: Sovjetunionen skaut opp Sojuz 5.
- 16. januar: I Praha brende Jan Palach seg til døden i protest mot den sovjetiske okkupasjonen av Tsjekkoslovakia.
- 20. januar: Richard M. Nixon tok over som president i USA.
- 24. januar: Spania innførte unntakstilstand etter studentdemontrasjonar.
- 3. februar: Yasir Arafat vart leiar av PLO.
- 2. mars: Sovjetiske og kinesiske styrkar gjekk til regulær strid langs grenseelva Usuri.
- 16. mars: 155 menneske omkom då eit venezuelansk DC-9 like etter avgang styrtar i eit bustadområde i Maracaibo.
- 1.-24. april: Kinas kommunistiske parti avvikla sin 9. kongress.
- 17. april: Gustáv Husák tok over som fyrstesekretær for kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia, då Alexander Dubcek vart fjerna frå stillinga.
- 25. mai: Thor Heyerdahl sin «Ra I»-ekspedisjon la ut frå Safi i Marokko.
- 15. juni: Georges Pompidou vart ny president i Frankrike etter Charles de Gaulle.
- 20. juni: Rhodesia vedtok ei ny grunnlov med rasedeling.
- 16. juli: Romskipet Apollo 11 vart skote opp frå Cape Kennedy i Florida.
- 18. juli: Mannskapet på «Ra I» forlte i åpen sjø
- 20. juli: Astronautane Neil Armstrong og Buzz Aldrin landar på Månen ombord i landingsfartyet «Eagle» som dei aller fyrste menneska, (21:17:40 norsk tid).
- 21. juli: Neil Armstrong vart det fyrste menneske som sette sin fot på månen (03:56 norsk tid).
- 14. august: Den britiske hæren vart sett inn for å stoppe gatekampar mellom katolikkar og protestantar i Belfast.
- 15. august: Woodstock-festivalen opna.
- 1. september: Oberst Muammar al-Gaddafi tok makta i Libya gjennom statskupp.
- 22. september: 13 menneske i Danmark og Sverige omkom i eit stomvêr, også i Rogaland gjorde uveret stor skade.
- 19. november: Apollo 12 gjennomførte den andre bemanna månelandinga
- 10. desember: Ein storstreik i Kiruna lammar drifta ved malmfelta i Nord-Sverige
Noreg
endre- 7. februar: Avisa Klassekampen kom ut med sitt fyrste nummer.
- 8. mars: Sju menneske omkom i eit snøras i Skårdalen i Oppdal.
- 23. mars: Per Lønning vart innsett som biskop i det nyoppretta Borg bispedømme.
- 6. april: Åtte personar frå same familien omkom då bilen deira kolliderte med toget ved Darbu stasjon.
- 22. april: Lova om ni-årig obligatorisk grunnskule vart vedteken i Odelstinget. Grunnskolen blir 9-årig.
- 1. mai: Seks menneske omkom då eit to-motors privatfly styrta i Drammen.
- 14. mai: Bybrann i Tromsø, fire kvartal lagt i oske.
- 13. juni: Lagtinget vedtok, med 18 mot 16 røyster, ei skattelov med 20% meirverdiavgift, såkalla moms.
- 17. juni: Stortinget vedtok med 108 mot 21 røyster å gje Oslo lysverker løyve til den mest omfattande utbygginga av vassdraga i Aurlandsdalen.
- 31. juli: Ni av 39 ombord i bulkskipet «Wenny» av Bergen omkom då skipet sokk i Norskehavet vest for Andøya, på veg til Mo i Rana med ein kollast frå Svalbard.
- 27. august: Noregs tre fyrste distriktshøgskular; Rogaland distriktshøgskole i Stavanger, Møre og Romsdal distriktshøgskole i Molde og Agder distriktshøgskole i Kristiansand, vart offisielt opna.
- 8. september: Stortingsvalet 1969. Regjeringskoalisjonen Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre beheldt fleirtalet på Stortinget med 76 mandat. Arbeiderpartiet gjekk fram til 74 mandat.
- 26. september: Regjeringa innførte prisstopp på ei rekke varer og tenester.
- 20. november: Alle seks ombord på sandskuta «Sandbjørn» omkom då ho kantra og sokk utanfor Obrestad fyr på Jæren.
- 10. desember: Seks av dei elleve fiskarane ombord i linebåten «Ulstein 2» omkom då båten grunnstøytte i Rundesundet på Sunnmøre.
- 23. desember: Oljeselskapet Phillips Petroleum Company gjer kjent det aller fyrste oljefunnet i den norske delen av Nordsjøen
- Birger Hatlebakk grunnla Moxy.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1969.
- 3. januar: Michael Schumacher, tysk raserbilsjåfør
- 13. januar: Stefania Belmondo, italiensk langrennsløper
- 10. februar: Linda Eide, norsk journalist
- 12. februar: Steve Backley, britisk spydkastar
- 24. mars: Stephan Eberharter, austerriksk alpinist
- 20. april: Felix Baumgartner, austerriksk fallskjermhoppar
- 24. mai: Erlend Loe, norsk forfattar
- 1. juni: Siv Jensen, norsk politiker
- 24. juni: Sissel Kyrkjebø, norsk songar
- 26. juni: Geir Moen, norsk friidrettsutøvar
- 23. juli: Stéphane Diagana, fransk friidrettutøvar
- 6. august: Elliott Smith, amerikansk musikar og låtskrivar
- 11. august: Atle Antonsen, norsk skodespelar
- 1. september: Henning Berg, norsk fotballspelar og -trenar
- 2. oktober: Trine Skei Grande, norsk politikar
- 22. november: Katrin Krabbe, tysk friidrettstutøvar
- 28. november: Hanne Ørstavik, norsk forfattar
- 29. november: Anniken Huitfeldt, norsk politikar
- 3. desember: Halvard Hanevold, norsk skiskyttar
- 11. desember: Viswanathan Anand, indisk sjakkspelar
- 20. desember: Kenji Ogiwara, japansk kombinertrennar
- 25. desember: Fred Børre Lundberg, norsk kombinertrennar
- 31. desember: Are Kalvø, norsk forfattar og programskapar
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1969.
- 11. januar: Lars Berg, norsk forfattar
- 24. februar: Johan B. Hjort, norsk jurist og politikar
- 28. mars: Dwight D. Eisenhower, USA-amerikansk president
- 19. mai: Coleman Hawkins, USA-amerikansk saksofonist
- 1. juni: Ivar Ballangrud, norsk skøyteløpar
- 3. juli: Brian Jones, britisk musikar
- 5. juli: Walter Gropius, tysk arkitekt
- 11. august: Egil Hjorth-Jenssen, norsk skodespelar
- 17. august: Ludwig Mies van der Rohe, tysk arkitekt
- 3. september: Hồ Chí Minh, statsleiar i Nord-Vietnam
- 26. september: Rikard Berge, norsk folkeminnegranskar
- 12. oktober: Sonja Henie, norsk kunstløpar og filmskodespelar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>
Denne artikkelen om eit årstal er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. Sjå òg: Oversyn over årstalsspirer. |