Åkersjön er ein busetnad ved Föllinge i Krokom kommun i Jämtland i Sverige. Åkersjön er òg namnet på innsjøen ved busetnaden.

Turisme er viktigaste næringsveg i Åkersjøn. Busetnaden består av eit fåtal heilårsbustader og fleire fritidsbustader. Eit fjellhotell står for ein stor del av servicenæringa på staden. I tillegg til hotellet, er det fjellservicebutikk, gjestgjevari, alpinanlegg og fasilitetar for camping. Turismen rundt Åkersjön er godt tilrettelagt for scooterturistar. Alpinanlegget består av to bakker som deler ein 1500 meter lang skiheis, der den totale fallhøyHan er på om lag 250 meter.

I innsjøen Åkersjön er det først og fremst aure som lèt seg fange. Øvrige busetnader rundt sjølve innsjøen, er Högrun, Dal og Vallrun. Akersjön vert drenert av Åkerån, som er ei av sideelvane til Långan. Elvane møtes like før Landösjön.

63°45′0″N 14°5′0″E / 63.75000°N 14.08333°E / 63.75000; 14.08333

Kjelder

endre