Åkra Idrettslag

(Omdirigert frå Åkra IL)

Åkra Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Åkra i Karmøy kommune med 1300 medlemer per 2018. Laget vart skipa 8. november 1938 og er aktivt med i fotball, friidrett, gymnastikk, handball, innebandy og cheerleading.

Herrelaget i fotball spelar i 3. divisjon avdeling 3 (2020). Fotballaget spelar heimekampane på Åkra stadion, handballaga i Åkra idrettshall. Åkra IL sine utøvarar stiller i blå trøyer og kvite bukser.

Kjelder endre