Ål folkehøyskole og kurssenter for døve
(Omdirigert frå Ål folkehøyskole)
Ål folkehøyskole og kurssenter for døve ligg i Ål i Hallingdal. Skulen er landets einaste frilynte folkehøgskule for døve, og opna offisielt i 1974. All undervisning på skulen skjer på teiknspråk. Skulen tar imot opptil 46 elevar årleg. I tillegg til folkehøgskulen er her også omfattande kursverksemd, og tv-produksjonsselskapet Døves Media var tidlegare tilknytt skulen. Skulen er eigd av ei stifting oppretta av Norges Døveforbund. Skulen har gymsal, symjehall og treningsrom.
Skulen har følgjande linjefag for 2015/16:
- «Aktiv»
- «Teiknspråk»
- «Norsk»
- «Bistand»
- «Trening og kosthald»