Ålandstidningen (Åland) er ei dagsavis for Åland som kjem ut i Mariehamn. Avisa vart grunnlagd i 1891 og var talerøyr for kampen for attforeining med Sverige. Avisa var lenge Åland si einaste dagsavis og hadde derfor ein sterk innverknad på opiniondanninga.

Ålandstidningen
LandFinland
TypeAvis
Grunnlagd18. Mars 1891'"`uniq--ref-00000000-qinu`"'
SpråkSvensk[1]
HovudkvarterMariehamn
ISSN0355-9149[1]
Nettstadhttps://www.alandstidningen.ax

Ålandstidningen har no fått konkurranse frå avisa Nya Åland, men Ålandstidningen er framleis den største avisa i landskapet med eit opplag på omtrent 9 800 eksemplar.[2] Avisa kjem ut seks dagar i veka. Nyheitene blir òg publiserte på nettstaden til avisa. Avisa er eigd av Ålands Tidnings-Tryckeri Ab.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 https://digi.kansalliskirjasto.fi/sanomalehti/titles/0355-9149/data.
  2. Tidningarnas Förbund, Upplagor 2008, arkivert frå originalen 11. oktober 2009, henta 6. november 2022 
  3. Ålands Tidnings-Tryckeri AB, arkivert frå originalen 6. april 2010, henta 6. november 2022 

Bakgrunnsstoff

endre