Suomen Tasavalta
Republiken Finland

(norsk: Finland, finsk)

Det finske flagget Det finske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Maamme/Vårt land»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Finland
Offisielle språk Finsk og svensk
Hovudstad Helsingfors (finsk Helsinki)
Styresett
Republikk
Alexander Stubb
Petteri Orpo
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
338 145 km² (64.)
9,4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
5 518 371 (115.)
16,3 /km² (169.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Sannkjent
Frå Russland
6. desember 1917
4. januar 1918
Nasjonaldag 6. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
224 700 mill. USD (61.)
43 000 USD (28.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +358
Toppnivådomene .fi


Republikken Finland eller berre Finland (finsk: Suomen Tasavalta eller Suomi) er eit land i Norden. Finland har sidan 1995 vore medlem av EU og er det fyrste og einaste nordiske landet som har innført euro som valuta.

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå Finsk historie.

Finland sitt nesten 700 år lange fellesskap med det svenske kongedømet byrja i 1154 då kristendomen vart innført av den svenske kong Erik. I denne perioden vart svensk det dominerande språket. Etter at det finske nasjonale eposet Kalevala vart utgjeve og med etterfylgjande finsk nasjonalisme på 1800-talet, vart finsk på nytt dominerande.

I 1809 vart Finland erobra av tsar Aleksander I av Russland og var etter det eit autonomt fyrstedøme, med den russiske tsaren som fyrste av Finland, knytt til det russiske imperiet fram til slutten av 1917. Landet fekk for fyrste gongen eigne pengar (finske mark, i 1860) og eigne frimerke (1856) og eige parlament (1906). Den 6. desember 1917, kort tid etter den russiske revolusjonen, sa Finland seg uavhengig. I 1918 opplevde landet ein kort og svært bitter borgarkrig mellom «raude» kommunistar og «kvite» borgarlege som kom til å prege landet i åra etter. Dei kvite vann. Den tyske prins Fredrik Karl av Hessen vart vald til finsk konge under namnet Väinö 1., men han kom aldri til Finland, då Tyskland tapte krigen. I 1939 stilte Sovjetunionen territoriale krav på Finland, noko som vart avvist og Finland vart difor angripen i den finske vinterkrigen.

Under den 2. verdskrigen kjempa Finland mot Sovjetunionen to gonger: Fyrste gong i Vinterkrigen frå 1939–1940 og igjen i den finske framhaldskrigen 1941–1944. Den sistnemnde krigen vart fylgd av Lapplandskrigen i 1944–1945 der Finland kjempa mot Nazityskland etter at tyskarane trekte attende troppane sine frå Nord-Finland.

Traktatar underskrivne i 1944, 1947 og 1948 med Sovjetunionen inneheldt sterke forpliktingar for landet, samt ei rekkje krav for landet sine territorialgrenser. Etter at Sovjetunionen vart oppløyst vart det råd for Finland å føre ein annleis utanrikspolitikk, og landet vart medlem av EU i 1995.

Politikk endre

Finland er ein republikk. Republikken blir leia av presidenten som blir vald i to omgangar for ein seksårsperiode. Presidenten har mellom anna som oppgåve å stadfeste lover og å leie utanriks- og tryggingspolitikken saman med regjeringa.

Finland er eit semipresidentielt demokrati med ein folkevald riksdag. Val blir haldne kvart fjerde år i mars. Regjeringa i Finland blir kalla statsrådet (valtionneuvosto på finsk) og blir leia av ein statsminister. Etter riksdagsvalet utnemner presidenten ein statsministerkandidat til riksdagen som anten godkjenner kandidaten eller forkastar framlegget. Etter dette blir statsministeren utnemnd av presidenten, og saman utnemner dei regjeringa som riksdagen må godkjenne seinare.

Folkesetnad endre

Det er to offisielle språk i Finland: Finsk, som blir snakka av 91,2 % av finnane, og svensk, snakka av finlandssvenskane, som utgjer 5,46 % av folkesetnaden. Dei samiske språka har vore offisielle språk i heimtraktene til samane sidan 1992. I Finland var det i fylgje Tilastokeskus 1 900 samiskspråklege personar i 2012.[1]

Dei fleste finnane (65,2 %) er medlem av den evangelisk-lutherske kyrkja. 1,1 % er medlem av den ortodokse kyrkja. 32,0 % er ikkje medlem i noko trussamfunn. Resten inkluderer andre protestantiske kyrkjesamfunn, katolikkar, muslimar og jødar (1,8 %).[2]

Etter Vinterkrigen, der Sovjetunionen okkuperte og annekterte viktige delar av Finland, måtte 12 % av folkesetnaden i Finland finne seg ein ny stad å bu. Krigsskadeerstatningar landet vart pålagde, arbeidsløyse, og utryggleik om landet ville klare å vere fritt, førte til omfattande utvandring som fyrst byrja minke på 1970-talet. Inntil då hadde ein halv million finnar emigrert, fyrst og fremst til Sverige. Halvparten av desse har seinare drege tilbake til Finland.[treng kjelde]

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå Finsk geografi.

Finland grensar i vest til Bottenvika/Ålands hav og i sør til Finskebukta. Landet grensar i nord til Sverige, Russland og Noreg. I sør over Finskebukta ligg grannelandet Estland. Finland har ein 1 250 kilometer lang kyst mot Austersjøen som strekkjer seg frå Finskebukta i sør til Botnvika i nord.

Finland blir kalla «dei tusen sjøars land», noko som stemmer godt, sidan det er meir enn 60 000 sjøar i landet. Det meste av Finland ligg under 200 moh. og det høgaste fjellet er Háldičohkka (finsk Halti) på 1 328 moh.

Finland var delt inn i seks len til og med 2009, då lena vart avskaffa. Landet er i dag administrert berre på statleg og kommunalt nivå.

Åland har sjølvstyre, utanom i militære og utanrikspolitiske saker. Åland er ei demilitarisert sone.

Finland er delt inn i 19 landskap og 311 kommunar.

 
Kart over Finland

Klima endre

Med alle innsjøane sine har Finland nesten eit maritimt klima, men dei store luftmassane frå grannelandet Russland i aust er aldri langt borte. Både dei høge breiddegradane og Atlanterhavet gjer at det aldri vert særleg varmt om sumaren, og temperaturen går sjeldan over 26 °C. Temperaturskilnadene mellom nord og sør er etter måten små, og varmerekorden i Lappland er like høg som i Helsingfors. Det går gjerne to-tre dagar mellom kvar regnskur i snitt, og i sumarmånadene er ikkje torevêr uvanleg, men ein har òg mykje sol. Om hausten tek nedbøren seg litt opp, men hausten varer ikkje spesielt lenge, og regnet går raskt over til snø, spesielt i nord. Frå januar av klarer den kalde sibirlufta å halde atlanterhavslufta borte, og Bottenvika og sjøane i Finland frys til. Sjølv sørvestlege kystområde av Finland, som midtvinters ligg nærast ope hav, har om lag dei same temperaturtilhøva som Moskva om vinteren. Det snør ofte gjennom vintermånadene, men snøen er som regel lett, medan temperaturane sjeldan kjem over frysepunktet. Kaldast er det i nord, og det snør lettare her. Men snødekket er djupare på grunn av mindre tining og lenger snøsesong. Lappland er det kaldaste området, sjølv om dei fleste stadene i Finland har vore under -30 °C. Våren er den tørraste tida på året, med ein god del sol. Snøen smeltar frå nord til sør i laupet av april og mai, og temperaturen byrjar å bli såpass høg at ein ikkje treng tjukke klede for å nyte sola utandørs. Finland har større sjanse for skodde enn nabolanda, særleg langs kysten, og i nokre byar er det skodde opp til åtte dagar i månaden. Om våren er det derimot færre dagar med skodde. Helsingfors har ein årleg nedbørsnormal på 688 mm.

Økonomi endre

Finland har ein høgt industrialisert marknadsøkonomi med eit bruttonasjonalprodukt per innbyggjar på nivå med England, Frankrike, Tyskland eller Italia. Hovudnæringane er tre- og papirindustri, telekommunikasjon, maskin og elektronikkindustri. Eksport utgjer nesten ein tredel av bruttonasjonalproduktet. Utanom tømmer og ein del mineral så er Finland avhengig av råvareimport. Finland har eit underskot på energikjelder og importerer mykje olje.

Med bakgrunn i klimaet er landbruket konsentrert om å vere sjølvforsynt i dei grunnleggjande matvarene. Skogsdrift som er ei viktig eksportnæring er eit alternativ til landbruk for folk i distrikta.

Ein sterk auke i integrasjonen mellom landa i Vest-Europa har ført til at Finland var eit av dei elleve landa som innførte Euro som valuta den 1. januar 1999. Det er venta at denne integrasjonen vil halde fram dei neste åra og dominere det økonomiske biletet i landet.

Sjå òg endre

 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Finland