Ålesundsulykkene

Ålesundsulykkene var to katastrofer som svenske bankskøyter vart utsett for på veg til, og under, fiske på Storegga i 1868.

14. februar starta 10 bankskøyter frå Sotenäset i Bohuslän reisa mot Ålesund, som dei skulle ha til stasjon under bankfiske på Storegga. Den 19. februar var dei ved Stad. Det var då storm frå sør-sørvest. Det skøyteførarane som hadde vore i Ålesund før viste at dei måtte søkje under land når dei kom seg rundt Stad. Dei ukjende held fram eit stykke frå kysten. Dei meistra ikkje den sterke frålandsvinden. I alt vart 6 skøyter førte til havs. Ei av skøytene fekk kontakt med eit lokalkjent fartøy og kom seg til land i Trøndelag ni dagar etter stormen. Dei andre fem dukka ikkje opp. Alle dei 52 som var om bord miste livet. To av fartøya vart seinare funne som vrak utanfor Finnmarkskysten.

Den 15. juni same året forliste to andre av dei svenske bankskøytene i storm under fiske på Storegga. Ei av dei var DOGGERN, som saman med JEDDERN, var dei første svenskeskøytene som fiska på Storegga i 1861. Båe mannskapa, til saman 20 fiskarar, miste livet.

Dei omkomne i desse ulykkene kom frå eit lite område rundt Kungshamn på Bohuslänkysten. Mange av dei var slektningar. Dei som omkom i første ulykka let etter seg 17 enkjer, 49 farlause born og 21 eldre som miste forsørgjarane. Det vart sett i gang innsamlingsaksjonar som hjelpte dei etterlatne.

Fartøya, fiskereiskapar og anna utstyr var ikkje forsikra. Det var ein av grunnane til at det vart skipa assuranseselskap for fiskebåtar på vestkysten av Sverige året etter.

Kjelder endre

  • Strandpilten. Medlemsblad for Kunghamns Hembygdsförening. Nr 12. Februar 2008

Bakgrunnstoff endre

  • Bo Antonsson: Ålesundsolyckan – stor katastrof för små fiskelägen, Kungshamn 2013, ISBN 978-91-975956-0-5