Bohuslän (norsk Båhuslen) er Sveriges vestlegaste landskap. Det vender mot Skagerrak i vest, og har grenser mot Västergötland og Dalsland i aust, og dessutan til Østfold fylke i Noreg i nord.

Bohuslän
landskap
Symbol
Land  Sverige
Fylke Västra Götalands län
Del av Götaland, Sverige
Areal 4 400 km²
Folketal 309 248 (31. desember 2020)[1]
Kart
Bohuslän
58°14′53″N 11°53′13″E / 58.248°N 11.887°E / 58.248; 11.887
Wikimedia Commons: Bohuslän
Døme på helleristingane i Tanum.
Landskapsblome
 - latin
Villkaprifol
Lonicera periclymenum
Landskapsdyr Steinkobbe
Landskapsfugl Tjeld
Landskapssopp Kritøsterssopp
Landskapsinsekt Moskusbukk
Landskapsmose Vengemose
Landskapsstein Båhusgranitt
Landskapsfisk Makrell

Uddevalla er den største byen som ligg heilt innanfor landskapet, mens den mykje større byen Göteborg har fleire forstader i Bohuslän, sjølv om brorparten ligg i Västergötland. Eldste byen er Kungälv, som vart grunnlagd rundt 1100.

Landskapet er kjent for fiskeri og turisme i skjergarden, og har 20 000 registrerte fornminne, mellom anna ei mengd helleristingar. Helleristingsområdet i Tanum er teke med på UNESCOs verdsarvliste.

Historie endre

Bohuslän høyrde til Noreg, og kongeriket Danmark-Noreg, fram til freden i Roskilde i 1658. Heile landskapet unnateke Enningdalen vart då ein del av Sverige.

Landskapet er kalla opp etter Bohus fästning. Kong Håkon V Magnusson av Noreg lét frå 1308 byggja Båhus festning.

Geografi endre

Øyar i Bohuslän endre

Stader i Bohuslän endre

Kommunar i Bohuslän endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Folkmängd i landskapen den 31 december 2020». Statistiska centralbyrån. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bohuslän