Ånnfjorden
Ånnfjorden er ein fjord på nordsida av Langøya i Øksnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørover til Straumen i botn av fjorden.
Fjorden startar i nord ved Sauøya. Nord for Sauøya ligg Sandsetfjorden. Like sør for Sauøya går Teistpollen, ein liten fjordarm, innover mot sørvest. Det er spreidde gardsbruk langs austsida av fjorden.
Riksveg 820 går langs heile austsida av fjorden.