Øksnes kommune

kommune i Nordland fylke i Norge

Øksnes er ein kommune i Vesterålen i Nordland fylke. Han grensar mot Sortland i sør og i sørvest. Dei viktigaste næringane i kommunen er fiskeri og fiskeindustri. Kommunesenteret i Øksnes er Myre, som huser rundt to tredelar av innbyggjarane i kommunen.[1]

Øksnes kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Myre
Areal 319,57 km²
 •  land 310,69 km²
 •  vatn 8,88 km²
Folketal 4 569  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar John Danielsen (Sp)
Kommunenr. 1868
Kart
Øksnes kommune
68°53′18″N 15°11′00″E / 68.888333333333°N 15.183333333333°E / 68.888333333333; 15.183333333333
Wikimedia Commons: Øksnes
Nettstad: www.oksnes.kommune.no

Historie

endre

Namnet «Øksnes» er truleg avleidd av norrønt yxn, 'okser',[2] og nes.

Øksnes fekk si noverande uforming i 1964, då nordaustdelen av Langøya, nesten heile tidlegare Langenes kommune, blei innlemma i Øksnes. Ei område ved Møklandsfjorden i sørvest blei overført til Bø kommune.[2]

Kommunevåpenet viser to svarte onglar på gull bakgrunn. Motivet byggjer på ein gammal jernongel funnen i Langenesværet.[3]

 
Flyfoto av Strengelvag i Øksnes.
Foto: Allan Klo

Geografi

endre

Øksnes kommune har kyst mot Norskehavet og omfattar rundt tjue øyar. Det er bygd opp ei reiselivsnæring knytt til havopplevingar som sel-, kval- og fuglesafari.[1]

Utdanning

endre

Øksnes har i tillegg til grunnskole også tilbod om vidaregåande skole, med 4 liner (Vg1 Helse- og oppvekstfag, Vg1 Restaurant- og matfag, Vg1 Studiespesialisering, Vg2 Matfag), organisert som ei avdeling under Sortland videregående skole[4].

Opplæringskontoret for Fiskerifag i nordre Nordland ligg på Myre.[1]

Tettstader

endre

Større øyar

endre

Kjende personar frå Øksnes

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Geir Rosvold, «Fakta om Øksnes Kommune», oksnes.kommune.no
  2. 2,0 2,1 Geir Thorsnæs Øksnes (23. mai 2013) i Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. januar 2014.
  3. Geir Rosvold, «Fakta om Kommunevåpenet», oksnes.kommune.no
  4. http://utdanning.no/org/vilbli_no_adr_8794

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.