Opna hovudmenyen

Ånon Hanssen Vik (20. mai 182130. oktober 1878) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Skjeberg i Østfold.

Ånon Hanssen Vik
Fødd 20. mai 1821
Død

30. oktober 1878

Yrke politikar

Far hans var gardbrukar, klokkar og lærar. Sjølv var han ei tid forvaltar ved Hafslund bruk. Han tok så over farsgarden og kjøpte opp fleire gardsbruk i nærleiken. Vik var orførar i Skjeberg 1854-57 og 1866-73, elles forlikskommissær i mange år.

Vik var 4. representant frå Smaalenenes amtStortinget 1868-69. Han var medlem av protokollkomiteen.

Han døydde på garden sin i Skjeberg i 1878.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914