Årdal kyrkje i Hjelmeland

(Omdirigert frå Årdal kyrkje i Ryfylke)

Årdal kyrkje er ei krosskyrkje i tre i Hjelmeland kommune i Rogaland fylke. Ho vart innvia i 1919 og vert kalla Årdal nye kyrkje for å skilje ho frå Årdal gamle kyrkje frå 1620. Arkitekt for kyrkja var Einar Halleland frå Haugesund.

Årdal kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Ryfylke
Sokn Årdal i Ryfylke
Fellesråd Hjelmeland
Stad Årdal kyrkje

Foto: Ztarbreaker

Arkitekt Einar Halleland
Teknikk tre
Innvigd 1919
Preikestol Preikestol i tre frå 1919
Døypefont Døypefont i tre frå 1919
Altartavle Altartavle av Frank Frantzen frå 1968
Sitjeplassar 250
Diverse Dansk orgel frå 1984
Kart
Årdal kyrkje i Hjelmeland
59°09′17″N 6°11′26″E / 59.1546°N 6.1905°E / 59.1546; 6.1905
Wikimedia Commons: Årdal nye kirke

Årdal nye kyrkje vert reist etter ei pengeinnsamling gjort av utvandra amerikanarar frå Årdal. Kyrkja har 250 sitjeplassar og orgelgalleri.

Årdal kyrkje i mai 2009

Altartavla av Frank Frantzen er frå 1968 med motiver frå Jesu liv. Preikestolen er i tre frå 1919, det framgår ikkje kven som har laga ho. Døypefonten er frå same år og i tre. Pipeorgelet er dansk frå 1984 og har 12 stemmer.

Det er ei klokke i kyrkjetårnet.

Bakgrunnsstoff endre