Sjå òg talet 3

Tre er høgreiste plantar med hard stamme med greinar. Veden består av langstrekte celler bygd opp av cellulose som er kitta saman med lignin. Hjå mange tre inneheldt veden òg kvae for å beskytta mot sopp og insektangrep. Tre kan brukast som tilhaldsstad for ei rekkje dyr. Felte tre eller tredelar kan òg brukast som trevirke.

Tregreiner sett nedanfrå.
Foto: Nevit Dilmen
Ein skog er ei større gruppe tre innanfor same geografiske omgråde
Snitt gjennom ei trestamme.

Tre er større enn buskar, men det er ikkje definert nokon klar grense mellom desse. Somme treslag finst i begge vekstformer, avhengig av tilhøva. Etter det svenske leksikonet Nationalencyklopedin skal eit tre kunne nå ei minimumshøgd på fem meter.

Somme tre kan bli over 100 meter høge og stundom over 3-4000 år gamle. I Noreg ligg rekordane hjå gran, som kan bli 50 m, og eik, som kan bli 1000 år gamal. Vanlegvis døyr trea lenge før dei når slik høgd og alder, vanlegvis av soppangrep, insektangrep eller stormfelling.

Eit tre består av rot, stamme, greiner, kvistar og lauv eller nåler. Når ein del tre veks saman, kallar me tregruppa eit holt eller ein lund. Fleire tre saman blir kalla ein skog.

Gran, furu, bjørk, hassel, or, ask, alm, eik, osp og rogn er nokre vanlege tre i Noreg.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tre
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.