61°37′10.625″N 5°0′12.910″E / 61.61961806°N 5.00358611°E / 61.61961806; 5.00358611 Årebrotsfjorden er ein fjord i Kinn kommune i Vestland på nordsida av Florø. Fjorden strekkjer seg 6,5 km frå vest til aust og held fram som Botnafjorden vidare austover.

Fjorden startar i vest mellom Tollaksøya i nord og Ånnøya i sør. I aust endar fjorden mellom Naustholmen, like nord for Florø, og Skutelen. Fjorden er kalla opp etter Årebrotneset som ligg på nordsida av fjorden.