Florø er ein by i Noreg, den vestlegaste byen i landet. Han er administrasjonssenter i Kinn kommune saman med Måløy. Han var også administrasjonssenter i tidlegare Flora kommune i Sogn og Fjordane fylke. Florø hadde bystatus frå 1860 etter utskiljinga frå Kinn kommune og fram til 1964, då byen vart slegen saman med kommunane Kinn, Bru og Eikefjord til bykommunen Flora.

Florø
stad
Florø i november 2009
Foto: Hjorthefoto
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kinn
Areal 6,43 km²
Folketal 9 015  (2023)
Folketettleik 1 402 / km²
Preposisjon i Florø
Kart
Florø
61°35′55″ N 5°1′2″ E
Wikimedia Commons: Florø

Næringslivet i Florø er eksportretta og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Byen er stoppestad for Hurtigruta. Byen trekk folk mellom anna gjennom det årlege Kinnaspelet og ein rockefestival. Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet gjev eit historisk perspektiv.

Byen vart grunnlagd på øya Florelandet og har sidan spreidd seg til naboøya Brandsøya.

Florø kommune endre

Florø vart skild ut frå Kinn som eigen bykommune i 1860. 1. januar 1964 vart han slått saman med Kinn, Eikefjord, storparten av Bru, og mindre delar av Vevring og Bremanger til den nye storkommunen Flora.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling i Florø
År Innbyggjarar
1865
  
346
1875
  
492
1890
  
669
1900
  
935
1910
  
1 318
1920
  
1 374
1930
  
1 405
1946
  
1 586
1950
  
1 796
1960
  
3 215
1970
  
4 416
1980
  
5 742
1990
  
6 566
2001
  
8 069
2009
  
8 448
2012
  
8 642
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar
  • Tala 1865-1950 gjeld bykommunen Florø
  • Tala 1960 gjeld bykommunen Florø (2 002 innb.) og forstadene i Kinn kommune (1 213 innb.)
  • Tala 1970- gjeld tettstaden Florø

Melodi Grand Prix endre

22. januar 2011 var Florø vertsby for den andre delfinalen i Melodi Grand Prix, og 4. februar 2012 var han vertsby for den tredje delfinalen.

Utmerkingar endre

Kjelder endre