Middeltemperatur

(Omdirigert frå Årsmiddeltemperatur)

Middeltemperatur er eit mål på gjennomsnittleg temperatur i løpet av eit visst tidsrom, til dømes eit døgn, ein månad eller eit år.

Utrekningsmåten er avhengig av tilgangen på temperaturdata. I minste fall vert middeltemperaturen utrekna som gjennomsnittet av maksimums- og minimumstemperatur, det vil seia summen av maksimums- og minimumstemperatur delt på to.

Ved stasjonar som har målingar klokka 0600, 1200 og 1800 UTC i tillegg til registrering av maksimums- og minimumstemperatur, vert døgnmiddeltemperatur rekna ut frå dette, men etter faktorar som kan vere stasjonsavhengige. Ved automatstasjonar reknar ein gjerne ut gjennomsnittet av temperaturmålingar for kvar time.

Kjelder endre