Årstad Idrettslag
Årstad Idrettslag er eit idrettslag i Bergen, stifta 8. november 1918. Idrettslaget er heimehøyrande i bydelen Årstad, og er aktiv i fotball, handball og orientering.
Fotballaget Årstad spelte i Hovedserien i fire sesongar på 1950-talet: 1951/52 og 1952/53, samt 1956/57 og 1958/59. Etter nedrykk frå 2. divisjon i 1965 har Årstad alltid spelt i lokale seriar. Landslagsspelaren Trygve Andersen var Årstad-spelar fram til 1960.
Kjelder
endre- Offisiell nettstad
- Magnus Breili: Fotballboken. 1967