Opna hovudmenyen
Kart over bydelane i Bergen.

Åsane er ein bydel i Bergen, nord for Bergen sentrum. Han var eigen kommune frå 1903 til 1972. I 1903 vart han skilt ut frå Hamre kommune. 1. januar 1972 vart Åsane ein del av Bergen kommune. Den gamle kommunen hadde då 19 205 innbyggjarar. I dag er Åsane ein av dei største bydelane i Noreg. Av dei 239 950 innbyggjarane i Bergen bur 38 332 i Åsane (1. april 2005).

Bydelen er forbunde med Bergen sentrum ved hjelp av E16 som fortset til Arna, og til kommunane som ligg i nord ved E39.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Åsane kommune frå 1920 til 1972:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3]
2447 2759 5087 6011 10 281 18 161

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Åsane 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  Denne geografiartikkelen som har med Hordaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.