Åsane Folkehøgskole

Åsane Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskule som ligg på Hylkje, nord i Bergen kommune. Skulen er særleg opptatt av å utvikle kulturell forståing hjå elevane. Den legg særleg vekt på fredsarbeid og internasjonal solidaritet. Skulen er eigd av FORUT og IOGT og har årleg rundt 82 elever. I 09/10 har dei nådd nye høgder når det kjem til elevtal og har 100 elevar på skulen.

Åsane Folkehøgskole

Skulen har følgjande linjer i 2009/2010:

  • Kina/Kampsport
  • U-landslinje(ISA)
  • Visuell Kunst
  • Musikk/Vokal
  • Skriveverkstad
  • Hestesport(todelt, trav og riding)
  • Scenekunst
  • Latinamerikalinje

Historie

endre
 
Olav og Anne Bjørkum
Olav Bjørkum (f. 1882 i Lærdal, d. 1976) og kona Anne (Valsø) Bjørkum (f. 1879 i Aure). Dei vart gifte i Strinda i 1908. Lærarar bl.a. på Fredly ungdomskule 1912-13. Ekteparet Bjørkum arbeida seinare på Frekhaug ungdomsskule i Meland i Hordaland, som Olav Bjørkum starta opp.

Skulen blei til på Frekhaug i Meland i 1921. Bakgrunnen var at Nordhordland ungdomsskule blei skipa i 1914 som den 12. av sitt slag i Norge. Olav Bjørkum var første rektoren ved skulen. I 1921 ble det konflikt mellom rektor og styret for denne skulen. Samarbeidsproblema førte til slutt til at Olav Bjørkum slutta, og han starta sin eigen ungdomsskule på Frekhaug. For Nordhordland ungdomsskule førte dette til alvorlege økonomiske problem, siden statstilskotet følgde med rektor Bjørkum til den nye skulen. Frekhaug ungdomsskule heldt til i det som truleg var eit nybygg frå 1920, rett sør frå meieriet på Frekhaug. I 1966 sto eit nytt bygg klart på Hylkje i Åsane, og skulen flytta dit. I åra straks etter 2000 er bygningane ved skulen sterkt fornya.

Bakgrunnsstoff

endre

Åsane Folkehøgskole si nettside