Hylkje
Hylkje er ein tettbygd stad i Bergen kommune i Vestland fylke. Staden ligg ved Sørfjorden, på nordaustsida av Bergenshalvøya. E39 går gjennom Hylkje. På Hylkjeneset ligg Åsane folkehøgskule, opna 1966 og eigd av IOGT.
Hylkje | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5109 HYLKJE | ||
Preposisjon | på Hylkje | ||
Ferdselsårer | E39 | ||
Hylkje 60°30′25″N 5°21′17″E / 60.506944°N 5.354722°E |
Hylkje er òg ein matrikkelgard, med gardnummer 171. Garden er ein av dei minste i utstrekning i Åsane. Folketalet innanfor området til matrikkelgarden var 79 i 2001. Tettstaden Hylkje, som Statistisk sentralbyrå definerer han, strekkjer seg òg gjennom matrikkelgardane Tuft, Almås, Haukås og Breistein.
Staden har tidlegare oppfylt SSB sin tettstaddefinisjon.
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.