Åsværet
(Omdirigert frå Åsvær)
Åsværet er ei lita øygruppe i Dønna kommune i Nordland. Ho ligg på sørsida av Åsenfjorden. Det vart reist eit fyr her i 1876.
Øygruppa er i dag ein del av Åsvær landskapsvernområde. Området har dyrelivsfreding, vart oppretta i 2002 og er på 65 489 dekar, der 56 197 dekar er sjøareal. Landskapsvernområdet er oppretta på grunn av natur- og kulturlandskapet med tilhøyrande botanikk, geologi og dyreliv.