Åttedelsnote

Ein åttedelsnote, på italiensk croma, er i musikknotasjon ein note som svarar til 1/8 (éin åttedel) av verdet til ein heilnote. Med andre ord går det 8 åttedelsnotar på den tida det tek å spele éin heilnote. Ein enkel åttedelsnote er avbilda med hovud, hals og fem faner festa til halsen. Når åttedelsnotar opptrer saman, blir samanbindinga gjort ved hjelp av ein notebjelke.

Fire åttedelsnotar bunde saman ved hjelp av ein notebjelke.