Ebeltoft

(Omdirigert frå Æbeltoft)

Ebeltoft (tidl. Æbeltoft) ligg på Austjylland i Danmark og er hovudby på halvøya Mols. Byen er med 7 528 innbyggjarar (2013)[1] den største byen i Syddjurs kommune.

Ebeltoft
Ebeltoft rådhus
Ebeltoft rådhus
Ebeltoft rådhus
Byvåpenet til Ebeltoft
Byvåpenet til Ebeltoft
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Midtjylland
Syddjurs kommune
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2013)

7 528
Koordinatar 56°11′40″N 10°40′33″E / 56.19444°N 10.67583°E / 56.19444; 10.67583
Høgd over havet 28 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: Kommunal heimeside

Filmhøjskolen eller The European Film College blei oppretta i 1993 med status som folkehøgskule.

Fleire gongar dagleg trafikkerer Mols-Linien overfarten til Sjællands Odde med snøggbåtar.

Byen er ein av Danmarks store turistdestinasjonar, mest på grunn av eit fargerikt butikk- og museumsliv (mellom anna Farvergården, Fregatten Jylland og Glasmuseet). I fellesferien blir innbyggjartalet mest dobla grunna massetilstrøyming av turistar. Det er òg mange badestrender i området.

Ebeltoft var tidlegare hovudby i Ebeltoft kommune, men høyrer sidan 2007 til Syddjurs kommune. Byen ligg administrativt under Region Midtjylland.

Kuriosa

endre

Ebeltoft er den einaste austjyske byen med vestkyst.

Turistattraktioner

endre
  • Fregatten Jylland
  • Ebeltoft Rådhus (1789)
  • Glasmuseet Ebeltoft

Kjelder

endre
  1. Statistikbanken Tabel BEF44 (Vitja 12. februar 2014)

Bakgrunnsstoff

endre