Opna hovudmenyen
Wayback Machine
Wayback Machine logo 2010.svg
URL Offisiell nettstad
Type Arkiv
Eigar Internet Archive
Oppretta 24. oktober 2001; 18 år sidan (2001-10-24)[1][2]

Wayback Machine er eit digitalt arkiv av sider frå Verdsveven og andre delar av Internettet. Det blei lansert i 2001 av Internet Archive, ein ideell organisasjon frå USA.

Dei to grunnleggjarane av Internet Archive, Brewster Kahle og Bruce Gilliat, lanserte Wayback Machine som eit svar på problemet med at innhald på nettstader kunne forsvinna når nettstaden blei endra eller stengd.[3] Tenestar gjer at brukarar kan sjå arkiverte versjonar av nettsider frå ulike tidspunkt, i det arkivet kallar tredimensjonal indeksering.[4]

Prosjektet byrja å lagra nettsider i 1996, med mål om å gjera tenesta offentleg tilgjengeleg fem år seinare.[5] Frå 1996 til 2001 blei informasjonen lagra på Digital Tape, som Kahle kunne gje forskarar tilgang til på ein individuell basis.[6] Då arkivet var fem år gammalt i 2001 blei det avduka og opna for allmenn bruk gjennom ein seremoni ved University of California, Berkeley.[7] Då Wayback Machine blei lansert inneheldt han allereie over 10 milliardar arkiverte nettsider.[8]

Ved slutten av 2014 inneheldt Wayback Machine 435 milliardar nettsider, nesten ni petabyte data, og voks med rundt 20 terabyte per veke.[9][8][10]

Namnet «Wayback Machine» viser til «WABAC machine» (uttalt way-back), ein oppdikta tidsmaskin brukt i animasjonsserien The Rocky and Bullwinkle Show.[11][12]

KjelderEndra

  1. «WayBackMachine.org WHOIS, DNS, & Domain Info – DomainTools». WHOIS. Henta 13. mars 2016. 
  2. «InternetArchive.org WHOIS, DNS, & Domain Info – DomainTools». WHOIS. Henta 13. mars 2016. 
  3. Notess, Greg R. (March–April 2002). «The Wayback Machine: The Web's Archive». Online 26: 59–61 – via EBSCOhost. 
  4. «The Wayback Machine», Frequently Asked Questions, arkivert frå originalen 18. september 2018, henta 18. september 2018 
  5. «Internet Archive: Wayback Machine». archive.org. Arkivert frå originalen 3. januar 2014. Henta 15. oktober 2018. 
  6. Cook, John (1. november 2001). «Web site takes you way back in Internet history». Seattle Post-Intelligencer. Arkivert frå originalen 12. august 2014. Henta 15. august 2011. 
  7. «Wayback Goes Way Back on Web». Wired. October 28, 2001. Arkivert frå originalen October 16, 2017. Henta 16. oktober 2017. 
  8. 8,0 8,1 Arora, Sanjay K.; Li, Yin; Youtie, Jan; Shapira, Philip (May 5, 2015). «Using the wayback machine to mine websites in the social sciences: A methodological resource». Journal of the Association for Information Science and Technology 67 (8): 1904–1915. ISSN 2330-1635. doi:10.1002/asi.23503. 
  9. «Internet Archive Frequently Asked Questions». Arkivert frå originalen 21. oktober 2009. Henta 17. januar 2015. 
  10. «Internet Archive Frequently Asked Questions». 18. desember 2014. Arkivert frå originalen 18. desember 2014. Henta 13. desember 2018. 
  11. Green, Heather (28. februar 2002). «A Library as Big as the World». BusinessWeek. Arkivert frå originalen 20. desember 2011. 
  12. Tong, Judy (September 8, 2002). «Responsible Party – Brewster Kahle; A Library Of the Web, On the Web». New York Times. Arkivert frå originalen 20. februar 2011. Henta 15. august 2011. 

  Denne dataartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.