Çorum
Çorum er ein by nord i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Çorum i Tyrkia. Çorum ligg i innlandet sentralt i Svartehavsregionen i Tyrkia, om lag 244 km frå Ankara og 608 km frå Istanbul. Byen ligg 801 meter over havet og har kring 220 000 innbyggjarar.
Çorum | |||
by | |||
Arkeologimuseum i Çorum
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Svartehavsregionen | ||
Provins | Çorum | ||
Del av | Central Karadeniz | ||
Høgd | 801 moh. | ||
Koordinatar | 40°32′N 34°57′E / 40.533°N 34.950°E | ||
Areal | 12 820 km² | ||
Folketal | 218 130 | ||
Folketettleik | 17 / km² | ||
Borgarmeister | Muzaffer Külcü | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Çorum 40°32′56″N 34°57′12″E / 40.548888888889°N 34.953333333333°E | |||
Kart som viser Çorum.
| |||
Wikimedia Commons: Çorum | |||
Nettstad: www.corum.bel.tr |
Çorum er hovudsakleg kjend for dei arkeologiske funn frå Frygia og hitittane, varmekjelder og ein lokal tørka kikert nasjonalt kjend som leblebi.
Klima
endreÇorum har eit typisk kontinentalklima med varme, tørre somrar og kalde, snørike vintrar, og milde til kjølige vårar og haustar med lett regn.
Vêrdata for Çorum | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 4,2 | 6,5 | 11,7 | 17,4 | 22 | 26 | 29,2 | 29,6 | 25,8 | 19,6 | 12,2 | 6,1 | 17,5 |
Gjennomsnittleg min °C | −4,3 | −3,6 | −0,8 | 3,6 | 6,9 | 10 | 12,2 | 12,1 | 8,9 | 5 | 0,3 | −2,2 | 4 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 38,2 | 28,5 | 36,9 | 55,7 | 60,7 | 53 | 22,9 | 18,2 | 24 | 32,8 | 38,7 | 45,2 | 454,8 |
Gns. solskinstimar i månaden | 77,5 | 98 | 151,9 | 186 | 238,7 | 273 | 316,2 | 313,1 | 252 | 176,7 | 111 | 65,1 | 2 259,2 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Çorum» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: